Det er 28 sengeplassar på Hjarte post 4, som har eit tverrfagleg team med legar, hjartekirurgar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og fysioterapeutar. Det er eit aktivt fagleg miljø, med sjukepleiarar i spesialutdanning, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarlærlingar.
Pasientar som skal til elektiv (planlagt) kirurgi, møter på avdelinga i 6.etasje der dei blir tatt imot av ein hjelpepleiar/sjukepleiar. Innleggingsdagen skal ein gjennom ein del rutineundersøkingar (blodprøvar, røntgen av lungane og EKG) og får samtale og informasjon av fleire faggrupper (sjukepleiar/hjelpepleiar, lege, kirurg, fysioterapeut og eventuelt anestesilege).
Informasjonsfilm til deg som skal til operasjon hos oss
Pasientinformasjon
- Hjarteoperasjon
- Pectusplastikk
- Aortakirurgi og stent
- TAVI
- Mitraclip
- Lungeoperasjon
- PFO
- Skade i brystveggen / thoraxtraume
Rutinar ved innkomstdagen for operasjonspasientar
Alle pasientane skal gjennom diverse rutineundersøkingar før operasjonen:
- Blodprøver
- Røntgen av lungane
- EKG
- Samtale/informasjon
Dei som skal operere ventilen skal også:
- Ta urinprøve
- Ha tilsyn av kjevekirurg
Nokon må også gjere:
- Utvida lungeprøver (spirometri)
- Undersøke av blodårene på halsen (doppler hals kar).
Det kan bli ein del venting denne dagen, så ta gjerne med lesestoff eller handarbeid.
Rutinar før operasjon
Kvelden før operasjon (alle operasjonspasientar):
- Alt hår i operasjonsområdet vil bli klippa (bryst, mage, lyske, lår, legger). Dette vert gjort av personalet. På grunn av infeksjonsfare og behandlingsutstyr, må skjegg trimmast godt før operasjonen (dette kan ein gjere sjølv).
- Alle ringar, smykke, øyredobbar og piercingar må av.
- Naglelakk på fingre og tær må fjernast.
- Alle må dusje og vaske håret rett før ein leggjer seg. Dei som skal til hjarteoperasjon og pectusplastikk vert i tillegg vaksa med spesialklutar.
- Du må faste frå kl. 24.00 (det vil seie ikkje mat, drikke, røyk, snus, pastillar, tyggegummi).
Om morgonen operasjonsdagen:
- Det vil bli tatt fastande vekt, blodtrykk, puls, oksygenopptak i blodet og temperatur om morgenen operasjonsdagen.
- Dei som skal til hjarteoperasjon og pectusplastikk vert vaska med spesialklutar. Dei som skal til lungeoperasjon må dusje.
- Før ein blir køyrd til operasjon, får ein noke å slappe av på (enten tablett og/eller sprøyte).
Spesielt for hjartepasientar
- Om morgenen operasjonsdagen tar ein fastande vekt.
Etter hjarteoperasjon blir pasientane liggjande på Postoperativ thoraxseksjon (TIO) til dagen etter (telefon: 55 97 03 90).
Etter lungeoperasjon og pectusplastikk, kjem pasientane i utgangspunktet til sengeposten om ettermiddagen/kvelden operasjonsdagen.
Etter TAVI og mitraclip blir pasienten først liggjande på medisinsk intensiv overvaking (MIO) eller postoperativ thoraxseksjon ( TIO), før dei kjem tilbake til Hjarte post 4.
Om røyking
Røyking gir auka slimdanning og irritasjonshoste etter operasjonen slik at risikoen for lungebetennelse og andre komplikasjoner aukar. Jo lengre tid før planlagt operasjon ein reduserar eller sluttar med røyking, jo lågare risiko for komplikasjonar etter operasjon.
Rutinar for pasientar som skal til behandling for patent foramen ovale (PFO) eller atrie septum defekt (ASD)
Første dagen skal ein vere dagpasient på poliklinikken til Hjarteavdelinga, der det blir gjort ein del forundersøkingar og gitt informasjon. Andre dagen skal ein møte fastande på Hjarte post 4 om morgonen kl 07.00-07.30. Ein blir då tatt i mot av ein sjukepleiar som tar observasjoner og legg inn ein veneflon. Ein får tildelt ei seng, og køyrd ned til Hjarte-kateteriseringslaboratoriet i 1. etasje. Det kan imidlertid bli noko venting før ein blir køyrd ned. Etter at prosedyra er ferdig, og ein har lagt til observasjon, kjem ein tilbake til Hjarte post 4.
Rutinar for pasientar for invasiv behandling/hjartekateterisering
Du har dagen før du skal møte på Hjarte post 4 vore inne som dagpasient på poliklinikken til Hjarteavdelinga. Dagen du møter på Hjarte 4 vert du tatt i mot av ein sjukepleiar. Du vil få tildelt ei seng og få innlagt venflon. Deretter vert du trilla ned i Hjartekateteriseringslabaratoriet i 1. etasje. Når prosedyren der er ferdig kjem du tilbake til posten vår.
Om rekonvalesent/ opptreningsopphald
Vi anbefaler å ha eit rekonvalesent/opptreningopphald etter operasjonen, når ein er ferdigbehandla på sjukehuset. Pasient og pårørande bør på førehand ha tenkt gjennom og diskutert om de ønskjer dette. Det er fint om det blir gitt beskjed ved innlegging om det er ønska rekonvalesent opphald, då kan avdelinga bestille plass tidlegast mogleg.
I nokre tilfelle vil det vere ventetid på slike opphald, og ein må vere førebudd på at pasienten blir skriven ut til heimen i ventetida. Hjarte post 4 nyttar rekonvalesensopphold på Åstveit Helsesenter og Ravneberghaugen. Etter to månadar, når du har vore på kontroll, kan du nytte opptreningstilbodet på Haukeland, LHL klinikken på Nesttun eller på Nærland.
Hjarterehabilitering
Hjarteavdelinga har eit variert rehabiliteringstilbod til deg med hjartesjukdom. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med. På kurs får du informasjon gjennom undervisning, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering.