Gjennom kurset får du informasjon gjennom undervisning, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering.
Mål med hjarterehabilitering
Hjarterehabilitering har som mål å gi deg auka kunnskap om hjartesjukdomen og kva du sjølv kan gjere for å unngå ny hending og at du skal oppleve tryggleik når du anstrenger deg fysisk.
Målet er å hjelpe deg til endring som har positiv innverknad på helsa di, og motivere deg til å halde fram endringane etter at du har avslutta programmet. Hjarterehabilitering kan oppretthalde og om mogleg betre funksjonsnivået ditt. Det handlar om å finne nye mogelegheiter og gjere det beste ut av situasjonen.
Tema for undervisninga
- Kva er hjarte,- kar sjukdom?
- Risikofaktorar for hjartesjukdom
- Ulike behandlingsformer
- Kva er hjartevenleg kosthald?
- Hjartemedisinar
- Kjensler i samband med hjartesjukdom
- Helseskadar ved røyking
- Fysisk aktivitet og helse
- Hjarte og samliv
- Stress og meistring
- Kva gjer eg om eg får nye symptom?
Fagpersonell
Hos oss treff du ei tverrfagleg gruppe beståande av sjukepleiarar, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog og lege, og alle er spesialistar innan hjartesjukdom. Andre helsefaglege yrkesgrupper er med i enkelte delar av kurset.
Fysisik aktivitet
Aktivitetane blir leia av fysioterapeut i eigna treningsrom, bortsett frå intervalltrening som går føre seg utandørs. Treninga varer i omlag 60 minutt og blir tilpassa ditt funksjonsnivå.
Eit kurs for deg?
Hjarterehabilitering passar for deg som har:
- hatt eit hjarteinfarkt
- vore til PCI (utblokking)
- angina pectoris
- er bypass operert
- er hjarte klaff operert
- har hjartesvikt
Det er inga øvre aldersgrense, men du bør ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta.
Når kan du starte?
Dei som ikkje er hjerteoperert (bypass, hjerteventil operert) kan starte hjerterehabilitering innan 8 veker etter sjukehusopphaldet. Hjerteopererte må vente minst 8 veker. Hjarterehabiliteringsprogrammet går 3 dagar i veka i 12 veker (4 veker med undervisning og trening, 8 veker med trening) med mogelegheit for kortare forløp. Kva forløp du skal ha vert bestemt fyste dagen ved Hjerterehabiliteringen. Det er fortløpande inntak av nye deltakarar kvar måndag og tysdag når det er ledig kapasitet.
Ta med deg:
- Gode sko
- Lette treningsklede
- Klede og sko til turgåing ute (tilpassa véret)
Kostnader
Deltakarane betaler eigenandel etter gjeldande takstar (takst er lik som ved polikliniske konsultasjonar. Du betalar berre ein gong i løpet av kurset).
Stad
Hjarterehabiliteringa
Mølendalsbakken 9A
5009 Bergen
Påmelding
Ta kontakt med sjukepleiar eller lege på posten der du er innlagt før du reiser heim frå sjukehuset. Lege vil då søkje deg til hjarterehabiliteringa.
Kontaktpersonar
Anita Isaksen, spesialsjukepleiar i kardiologisk sjukepleie
Irene Drotningsvik, spesialsjukepleiar i kardiologisk sjukepleie
Telefon: 55 97 35 40
Du treff oss best måndag - torsdag i tidsrommet: kl. 08.00-09.00 og 14.00-15.00.
Du kan også kontakte oss på e-post adressa: hjerterehabiliteringen@helse-bergen.no
Brosjyren "Rehabilitering etter hjartesjukdom" (PDF)
Vi ønskjer deg velkomen til aktive og lærerike veker ved Hjarterehabiliteringa.