Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjarterehabilitering

For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp til å kome attende til normal aktivitet. Korleis ein opplever akutt sjukdom avheng av mange faktorar: Til dømes kva for livssituasjon ein er i og tidlegare erfaring med sjukdom. I dag veit vi at kunnskap om og innsikt i eigen sjukdom, verkar positivt inn på korleis vi meistrar sjukdomen.  Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har eit variert rehabiliteringstilbod som kan hjelpe deg å ta vare på eiga helse. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med.

Gjennom kurset får du informasjon gjennom undervisning, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering.

Hjarterehabilitering har som mål å gi deg auka kunnskap om hjartesjukdomen og kva du sjølv kan gjere for å unngå ny hending og at du skal oppleve tryggleik når du anstrenger deg fysisk.

Målet er å hjelpe deg til endring som har positiv innverknad på helsa di, og motivere deg til å halde fram endringane etter at du har avslutta programmet. Hjarterehabilitering kan oppretthalde og om mogleg betre funksjonsnivået ditt. Det handlar om å finne nye mogelegheiter og gjere det beste ut av situasjonen.

  • Kva er hjarte,- kar sjukdom?
  • Risikofaktorar for hjartesjukdom
  • Ulike behandlingsformer
  • Kva er hjartevenleg kosthald?
  • Hjartemedisinar
  • Kjensler i samband med hjartesjukdom
  • Helseskadar ved røyking
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Hjarte og samliv
  • Stress og meistring
  • Kva gjer eg om eg får nye symptom?

Hos oss treff du ei tverrfagleg gruppe beståande av sjukepleiarar, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog og lege, og alle er spesialistar innan hjartesjukdom. Andre helsefaglege yrkesgrupper er med i enkelte delar av kurset.

Aktivitetane blir leia av fysioterapeut i eigna treningsrom, bortsett frå intervalltrening som går føre seg utandørs. Treninga varer i omlag 60 minutt og blir tilpassa ditt funksjonsnivå.

Hjarterehabilitering passar for deg som har:

  • hatt eit hjarteinfarkt
  • vore til PCI (utblokking)
  • angina pectoris
  • er bypass operert
  • er hjarte klaff operert
  • har hjartesvikt

Det er inga øvre aldersgrense, men du bør ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta.

Dei som ikkje er hjerteoperert (bypass, hjerteventil operert) kan starte hjerterehabilitering innan 8 veker etter sjukehusopphaldet. Hjerteopererte må vente minst 8 veker. Hjarterehabiliteringsprogrammet går 3 dagar i veka i 12 veker (4 veker med undervisning og trening, 8 veker med trening) med mogelegheit for kortare forløp. Kva forløp du skal ha vert bestemt fyste dagen ved Hjerterehabiliteringen. Det er fortløpande inntak av nye deltakarar kvar måndag og tysdag når det er ledig kapasitet.

  • Gode sko
  • Lette treningsklede
  • Klede og sko til turgåing ute (tilpassa véret)

Deltakarane betaler eigenandel etter gjeldande takstar (takst er lik som ved polikliniske konsultasjonar. Du betalar berre ein gong i løpet av kurset).

Hjarterehabiliteringa
Mølendalsbakken 9A
5009 Bergen

Ta kontakt med sjukepleiar eller lege på posten der du er innlagt før du reiser heim frå sjukehuset. Lege vil då søkje deg til hjarterehabiliteringa.

Anita Isaksen, spesialsjukepleiar i kardiologisk sjukepleie

Irene Drotningsvik, spesialsjukepleiar i kardiologisk sjukepleie


Telefon: 55 97 35 40
Du treff oss best måndag - torsdag i tidsrommet: kl. 08.00-09.00 og 14.00-15.00.
Du kan også kontakte oss på e-post adressa: hjerterehabiliteringen@helse-bergen.no

 

Brosjyren "Rehabilitering etter hjartesjukdom" (PDF)

Vi ønskjer deg velkomen til aktive og lærerike veker ved Hjarterehabiliteringa.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefonen besvares mellom kl. 08.00 - 09.00 og mellom kl. 14.00 - 15.00.

Slik finn du fram

Møllendalsbakken 9a

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs i hjarterehabilitering

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har eit variert rehabiliteringstilbod som kan hjelpe deg å ta vare på eiga helse. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med. Gjennom kurset får du informasjon gjennom undervisning, video, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering.
Brosjyren "Rehabilitering etter hjarteresjukdom" (PDF)
forsiden på brosyren om kurset i hjerterehabilitering. hjerte og logo.