Hjarteavdelinga

Hjarteavdelinga er ein stor avdeling med hjarteintervensjon, poliklinikk, sengepostar, thoraxkirurgi, medisinsk intensiv avdeling med spesialfunksjonar for hjartepasientar og hjarterehabilitering. All medisinsk og kirurgisk behandling og undersøking av hjartesjukdommar er samla ved Hjarteavdelinga, og vi har regionalt ansvar for hjartesjukdommar i Helse Vest. Avdelinga har også lokalsjukehusansvar for brorparten av Bergen og kommunane rundt.  Vi tek hand om alle aspekta innan hjartesjukdommar med unntak av transplantasjonar. 

Fann du det du leita etter?