HELSENORGE

Synsrehabilitering

Synsrehabilitering gjer deg i stand til å ha ein aktiv kvardag som blind eller svaksynt. Sjølv om synet svikter er det fullt mogleg å jobbe, trene, lage mat, bruke sosiale mediar, lese bøker og nyte livet!

​Når synet svikter kan du få behov for å meistre daglegliv og arbeidsliv på nye måtar. Både ved å lære kompenserande teknikkar eller ferdigheiter, bruk av synshjelpemiddel og bearbeide ein ny livssituasjon.

​Augeavdelingas viktigaste rolle i synsrehabilitering er å identifisere eit behov for synsrehabilitering, og tilvise vidare til dei aktuelle tilbod. Som med all form for rehabilitering er det viktig å komme tidleg igang - spør gjerne augelegen din eller sjukepleiar om synsrehabilitering!

​Rehabiliteringsrådgjevar frå Norges Blindeforbund er tilstades på Augeavdelinga annankvar onsdag, og tilbyr uformell informasjon og rettleiing om dei ulike moglegheiter for den einskilde. Ein god samtalepartnar som sjølv har opplevd at synet sviktar.​

Kontaktperson for desse sidene er Mona Nordvik, telefon:  55 97 41 00
Fann du det du leita etter?