Seksjon for e-helse har ansvar for ivaretaking av føretaket si interesse innanfor e-helse, IKT og informasjonssikkerheit. Seksjonen held oversikt over planlagde og pågåande lokale og regionale prosjekter og program, og bidrar til optimal god innføring, optimal bruk og forvaltning av kliniske fagsystem. Seksjonen har ansvar for sentralt IKT-budsjett, og er IKT-bestillar på vegne av føretaket.
Meir om seksjonen
Seksjonen har ansvar for å tilrettelegge for effektiv bruk av IKT i Helse Bergen og gjennom innovativ og nytenkande veksemd bidra til å realisere moglege vinstar. Dette arbeidet skal skje i samarbeid med andre i Helse Bergen.
Seksjonen leier og deltek i prosjekt som omhandlar IKT-området og fungerer som formell samarbeidspartnar for Helse Bergen ovanfor Helse Vest IKT AS.
Seksjon for e-helse skal vere eit bindeledd mellom IKT og helsekompetansen i Helse Bergen. Våre medarbeidarar har variert erfaring frå spesialisthelsetenesta, informasjonsteknologi, informasjonssikkerheit, laboratorieverksemd, radiologi, prosjektleiing, tele- /signalområdet og økonomi.