I tillegg til å gje råd og informasjon, skal personvernombudet blant anna:
- Kontrollere helseføretaket sin etterlevelse av personvernregelverket.
- Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar.
- Være eit kontaktpunkt for Datatilsynet i helseføretaket, og samarbeide med dem i saker som råker helseføretaket.
- Prioritere oppfølging av aktiviteter i helseføretaket kor personvernrisikoen er høgast.
- Bidra til å sikre at helseføretaket alltid har oversikt over korleis verksemda behandlar personopplysingar.
Organisering og ansvar
Personvernombudet i Helse Bergen HF er ein stabsfunksjon, organisatorisk tilknytta Forsknings- og utviklingsavdelingen.
Personvernombudet opptrer som ein uavhengig rådgjevar, og kan ikkje instruerast av leiinga eller andre mht. utføringa av sine oppgåver.
Det er alltid helseføretaket som er ansvarleg for å sikre at personopplysingar som føretaket har ansvaret for, behandles innenfor rammene av gjeldande lovar og reglar.
Kontaktinformasjon
For forespurnad som gjeld innsyn, retting, sletting og sperring av journal vises det til egne nettsider om dette.
Ikkje send sensitive eller fortrolige opplysingar per e-post.
E-post: personvernombudet@helse-bergen.no
Christer Kleppe, personvernombud i Helse Bergen HF
Tlf: 55 97 55 58
Ansatte i helsesektoren føresetjast å skulle bruke e-postadresse frå arbeidsgjevar i kontakt med personvernombudet; ikkje privat e-post.
Postadresse
Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Seksjon for forsking og innovasjon
v/Personvernombudet
Postboks 1400
5021 Bergen