Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Ungdomsrådet

Ein ungdom er ikkje eit barn, og heller ikkje ein vaksen. Å vere ungdomspasient kan difor by på utfordringar som born ikkje møter på, og på utfordringar vaksne ikkje tenkjer over. Vi i Ungdomsrådet ønsker å bidra til at ungdom si stemme skal bli høyrt i saker som gjeld ungdom i spesialisthelsetenesta.

Ønsker du å kome i kontakt med oss?

Har du kanskje spørsmål, idear eller tankar om korleis sjukehuset betre kan legge tilrette for barn og ungdom? Skriv gjerne til oss!

Mail: ungdomsradet@helse-bergen.no

Facebook: https://www.facebook.com/ungdomsradetHUS/

Instagram: @ungdomsradet_helsebergen

Ønsker du Ungdomsrådet sine råd og erfaringar i ei sak, eit prosjekt eller ein presentasjon? 

Meld inn saka di i følgande skjema:
Skjema for bestilling av brukerkompetanse

Spørsmål om saksinnmelding til Ungdomsrådet?
Send ein mail til ​​brukarmedverknad@helse-bergen.no ​​

Ungdomsrådet på Haukeland Universitetssjukehus består av 13​​ ungdommar i alderen 16-25 år. Alle medlemmane har erfaring som pasient og/eller pårørande i Helse Bergen.

 

Ungdomsrådet 2023.jpg

 

 

Leiar: Alva 
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Du har rett til å seie din meining og bli høyrt uavhengig av alderen din.
Og husk at du er så mykje meir enn ein diagnose!"

Nestleiar:  Mari-Sofie
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Si ifra om du føler at legene snakker "over hodet på deg", spør spørsmål og prøv og engasere deg i samtalen med legene".

Medlem: Johanna 
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Sjå ungdommen som eit heilt menneske, ikkje berre ein pasient med ein diagnose. Me har både ei fysisk og psykisk helse og ein kvardag med vener og skule".

Medlem: Ingvild 
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Leger bruker ofte komplisert språk, be dei forklare deg med andre ord. Det er din sjukdom og din kropp, så det er viktig at du spør til du forstår!"

Medlem: Marius 
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Ha alltid med eit par gode hodetelefoner - det kan bli mye venting. Det er også bra og ha med seg litt snacks og noe drikke - du vet aldri hvor lenge du er på eit venterom".

Medlem: Mikal
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Det lønner seg å ikke gi opp, selv om det er mye enklere sagt enn gjort". 

Medlem: Lars Jørgen
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
​"Bli kjent med rettighetene dine som ungdomspasient på sjukehus!"

Medlem: Lisa
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Hold kontakten med vennene dine utenfor sykehuset. Å ha noen å snakke med kan gjøre at de lange dagene på sykehuset blir litt mindre kjedelige. Dersom man skal være innlagt lenge kan overgangen ved utskrivelse være vanskelig, og da hjelper det å ha noen gode venner å komme tilbake til."

Medlem: Signe
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Still spørsmål hvis du har det og er legespråket for vanskelig, spør om en forklaring som er tilpasset deg"

Medlem: Thea
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Husk på å være åpne og ærlig med helsepersonellet. Del dine bekymringer og spørsmål, så de kan gi deg best mulig omsorg og informasjon under oppholdet ditt! Og husk at det er så utrolig mange som heier på deg der ute!"

Medlem: Emma
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Prøv å fokusere på de positive øyeblikkene, selv om de er små"

Medlem: Amalie
Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:
"Husk at du er du. Du er ikke hele sykdommen din. Det er nå du er ung, nyt det, selv om det kan være vanskelig. Og husk å fortell det du trenger for å være trygg og gjøre de vanskelige situasjonene bedre."

Medlem: Theresa

Mitt viktigaste råd til ungdom på sjukehus:

Ungdomsrådet er organisert under Brukarutvalet i Helse Bergen, og er eit organ som skal bidra til brukarmedverknad for unge pasientar og pårøreande i spesialisthelsetenesta. Ungdomsrådet har møte 10 gonger i året.

Ungdomsrådet sitt mandat vart vedteke i mai 2018.

I mandatet står Ungdomsrådet sine hovudoppgåver oppført som følgande:

  • Gje tilbakemelding på korleis dei opplev møtet med Helse Bergen,
  • Vere med å definere kvalitetsparameter for ein ungdomsvennleg helsetjeneste i Helse Bergen,
  • Gje konkrete råd til forbetring av tenester til ungdom i Helse Bergen,
  • Gje innspel til korleis foreldre bør inkluderast i dialogen med sjukehuset,
  • Dele av sine erfaringar til nytte for andre ungdommar.

  • Vi gjev tilbakemelding tilprosjekt som handlar barn og unge på sjukehus. 
  • Vi delar vår eiga erfaring fra helsetenesta og om korleis det er å vere ung og sjuk.
  • Vi deltek i arbeidsgrupper og prosjektgruppersom jobbar for barn og unge på sjukehus.
  • Vi held presentasjonar om Ungdomsrådet og/eller medlemmane sine eigne erfaringar med helseteneste og sjukdom.
  • Vi samarbeidar med andre Ungdomsråd i Helse Vest og Helse Noreg.

  • Vi kan gje råd om korleis avdelingar kan organiserast, utformast og driftast for å best mogleg ivareta ungdomspasienten.
  • Vi kan gje råd om korleis pasientforløp kan utformast med tanke på unge pasientar sine behov.
  • Vi kan gje råd om pårørande si rolle - både råd til den som er ung og pårørande, og den som er pårørande til ein ung pasient .
  • Vi kan halde foredrag/presentasjonar om eiga erfaring i helsevesenet.
  • Vi kan hjelpe med å spre informasjon som skal til barne- og/eller ungdomspasientene gjennom våre kanalar i sosiale mediar.

  • Vi gjev råd til beslutningstakere og helsepersonell på sjukehuset i saker som gjeld barn og unge si helseteneste.
  • Vi gjev råd til helsepersonell tilsett i sjukehuset som har direkte pasientkontakt med barn og unge.
  • Vi gjev råd til personar/organisasjonar utanfor sjukehuset som jobbar med prosjekt som involverar barne- og ungdomspasientar.

  • Overgangene mellom barne- og ungdomsavdeling og voksenavdeling og mellom sykehus og nærmiljø

  • Barn og unges psykiske helse

  • Barn og unge som pårørende​

I perioden januar 2023 til juni 2024 har Ungdomsrådet jobbet med prosjekt Speed date, hvor de har intervjuet 35 nivå 2/3-ledere i Helse Bergen om hvordan ungdom blir ivaretatt på sykehuset og hvordan de ulike avdelingene ivaretar overgangen fra barn til voksen. Rapporten ble overlevert og presentert for Foretaksledelsen 4. juni 2024.

  • Barn og unge sine rettigheiter på sjukehus
  • Sosiale medier for Ungdområdet
  • Innredning av Ungdomsrommet
  • Utforminga av Ungdomsrådet sine nettsider
  • Overgangsforløp
  • Legemiddel for barn og unge

NB! Endringer kan forekomme. 
Nye saker må meldast inn seinast 10 dagar før kommande møte. ​​

  • 14. januar
  • 10. februar
  • 16. mars
  • 14. april
  • 5. mai
  • 22. juni
  • 25. august
  • 15. september
  • 20. oktober
  • 24. november

Her finn du oversikt iver alle panel og utval som driv med brukarmedverknad i Helse Bergen​

​​
​​​

Ungdomsrommet i Glasblokkene

Ungdomsrommet i Glasblokkene er for deg som er ung og på sjukehus. Rommet er meint som ein stad der du kan kople av frå behandling og fritt for helsepersonell. Hit kan du ta med deg nokre venner, eller gå aleine. Det er opp til deg.
Les meir om Ungdomsrommet BUS
To jenter i sofa. Foto

Barn og unge på sjukehus

​Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.
Les tips og råd for barn og unge
Portrett av ung jente. Foto

Energisenteret for barn og unge

I Energisenteret for barn og unge i Glasblokkene står fysisk aktivitet, mestring og glede i fokus. Her finn du alt i frå kino til bortennisbord tilgjengelig for deg som ung pasient på Haukeland.
Les meir om Energisenteret for barn og unge
Energisenteret
Maŋemus ođastuvvon 2024-10-22