Ungdomsrommet er laga for at unge skal ha ein eigen plass å slappe av, sjå på TV, spele playstation eller spel på pc. På ungdomsrommet er det ein romsleg sofa med masse puter, arbeidsbord med stolar, og fleire sittekrokar. I vindaugskarmane er det sittebenkar og ei fantastisk utsikt over Bergen.
Kvar og når?
Ungdomsrommet finn du i 3.etasje blokk 4 (same etasje som Sjukehusskulen) i Glasblokkene. Rommet er tilgjengeleg kvar dag frå 08.00 til 22.00.
Du treng nøkkelkort
Alle ungdommar ved Haukeland universitetssjukehus kan bruke Ungdomsrommet i Glasblokkene. Rommet er låst med kortlesar. Du kan låne nøkkelkort i i resepsjonen i 1.etg i Marie Joys Hus eller i resepsjonen i Glasblokkene. Det er også mogleg å be personalet på avdelinga om å kontakte Haukeland sine frivillige, som kan følge deg til Ungdomsrommet i Glasblokkene.
Personalet ved Barne- og ungdomsklinikken har tilsyn med rommet. Ungdommane som bruker rommet har sjølve ansvar for å rydde etter seg.
Hugs god handhygiene og desinfeksjon av utstyr etter bruk!
Vi håper du vil trivast på Ungdomsrommet i Glasblokkene.