Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.

Det vesle ekstra på Haukeland

Frivilligkorps

Eit møte med sjukehuset kan vere eitt av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit korps av frivillige medarbeidarar ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset endå betre.

frivillige

Våre frivillige skal vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset, utan å vere ei erstatning for dette. Vi er populære, og mange avdelingar ønsker hjelp frå dei frivillige. Vi treng heile tida påfyll av frivillige for å møte behova ved sjukehuset.  

  • Etasjevertar
  • Viser veg til ulike postar, bygg og stader
  • Følger pasientar 
  • Går ærend til butikken, kiosken, apoteket
  • Følger til kiosk, røykerom, apotek, kafè, butikk, byen
  • Leiker / er saman med barn
  • Avlastar foreldre
  • Er følge på venterom
  • Går med bokvogn på avdelingane
  • Gå ein tur i parken, på terrassen eller i nærområdet
  • Bistår med andre ting når det er behov

Frivilligkoordinator Mona Vindenes
Vakttelefon: 902 67 193

Berre ta kontakt om du lurer på noko 

  • Frivillige utfører ikkje-obligatoriske tenester, og vil vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset
  • Frivillige inngår ein avtale med sjukehuset og får kursing og oppfølging
  • Starta opp i mai 2016 
  • Det er behov for frivillige både på dagtid og ettermiddagstid​

Frivilligkoordinator Mona Vindenes kan kontaktast om du har spørsmål til tenesta eller har lyst til å vere frivillig. 

E-post: mona.vindenes@helse-bergen.no / frivillig@helse-bergen.no  
Mobil: 902 67 193

Vi søker frivillige som er imøtekommande og vennlege, kontaktskapande og glad i utfordringa som ligg i møtet med nye menneske. Vi ønskjer oss personar av begge kjønn, alle aldre (over 16 år), med forskjellig kulturell bakgrunn. Du må kunne gi av tida di og ha lyst til å bidra til glede for andre. Vi ønskjer at du kan norsk.

Alle som ønsker å vere frivillige, går gjennom ein rekrutteringsprosess:

  • Informasjon: Alle interesserte får informasjon om tenesta frå frivilligkoordinator
  • Intervju: Alle aktuelle kandidatar blir intervjua av frivilligkoordinator og representant for Personalavdelinga
  • Samarbeidsavtale:  Haukeland universitetssjukehus og den frivillige inngår ein samarbeidsavtale
  • To-kveldars kurs: Meir praktisk informasjon om sjukehuset, kultur og verdiar, etikk og kommunikasjon, plikter og rettar i høve til pasientar.
  • Løpande oppfølging: Alle frivillige medarbeidarar blir følgde opp av frivilligkoordinator

Frivilligkoordinator Mona Vindenes kan kontaktast om du har spørsmål til tenesta eller har lyst til å vere frivillig.
E-post: mona.vindenes@helse-bergen.no  
Mobil: 902 67 193

Som frivillig får du anledning til å dele av tida di og evnene dine. Når du vel å bruke tida di på dette arbeidet, får andre menneske glede og nytte av det du kan bidra med.

Det er også mykje nyttig læring i dette oppdraget, både gjennom kurs, god oppfølging og dei møta du får med menneska på Haukeland universitetssjukehus.

Alle som ønskjer det kan få attest for jobben dei gjer som frivillig.

Turkamerat på Haukeland

- Eg har jobba i politiet i mange år. Det ligg i blodet å hjelpe andre. Eirik Thorkildsen er ein av få menn som er frivillige. Han ønsker seg fleire.
Sjå kvifor Eirik er frivillig

Pasienten som blei vegvisar for andre

-Eg følte meg veldig åleine. Eg hadde eit sterkt behov for å prate litt med andre. For 9 år sidan var Indira Liseth (30) langtidspasient på Haukeland universitetssjukehus. Opplevingane frå tida som innlagt er mykje av årsaka til at no valde å melde seg til teneste som frivillig.
Les heile historia til Indira
Maŋemus ođastuvvon 2022-09-26