Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasienten som blei vegvisar for andre

For 9 år sidan var Indira Liseth (30) langtidspasient på Haukeland universitetssjukehus. I dag er ho ei av 20 frivillige som hjelper pasientar og pårørande rundt på Haukeland. Opplevingane frå tida som innlagt er mykje av årsaka til at no valde å melde seg til teneste som frivillig.

Indira Liseth, frivillig. foto.

– Eg følte meg veldig åleine. Eg hadde eit sterkt behov for å prate litt med andre, og fokusere på noko anna enn sjukdomen. Eg trur at jo mindre du fokuserer på sjukdommen, jo fortare blir du frisk. Men det var ikkje alltid at sjukepleiarane hadde tid til å ta oss med ut for å få ein pause og litt luft. Då hadde det vært godt å ha eit menneske som kunne vere der med ekstra tid til å vere med oss pasientane.

Kva får du igjen av å vere frivillig?

- Å jobbe som frivillig har gjort meg sterkare. Eg har blitt meir omgjengeleg, og kjenner ei stor glede over å hjelpe andre. Ofte viser folk med heile seg at dei er takknemleg for at dei får hjelp av oss. Som ufør er det for meg kjekt å ha noko meiningsfylt å fylle dagane med. Eg kjenner meg stolt over å gå med den raude vesten.

Vil du gjere som Indira? Meld deg som frivillig her

Kva er det typiske oppdraget?

Å følge folk til dei ulike avdelingane. I dag møtte eg ei dame som var litt stressa sidan ho ikkje visste kvar ho skulle. Eg følgde dei på rett veg. Ho var glad for at eg kunne vere vegvisar, så kunne ho heller fokusere på sonen sin.

Indira har ei til to vakter i veka. Kvar vakt er på fire timer. Ho opplever tenesta som fleksibel.

- Det vert sett opp ei vekeplan som deles på ei intern facebook-gruppe for oss frivillige. Passar ikkje vakta seier du berre i frå, så får du eit anna tidspunkt. Det er enkelt og fleksibelt.

Kva må til for å bli frivillig?

- Du må ha lyst, og vere glad i folk. Men elles kjem mykje av seg sjølv. Du blir kursa, og når du får på den raude vesten kjem folk å spørje deg om ting. Du får og frimodigheit til å spørje om folk treng hjelp når du ser at dei ikkje finn fram eller er usikker på noko. Eg anbefaler folk å bli med på det sterkaste!

Sist oppdatert 10.11.2016