HELSENORGE
Det vesle ekstra på Haukeland

Frivilligkorps

Eit møte med sjukehuset kan vere eitt av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit korps av frivillige medarbeidarar ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset endå betre.

frivillige

Våre frivillige skal vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset, utan å vere ei erstatning for dette. Vi er populære, og mange avdelingar ønsker hjelp frå dei frivillige. Vi treng heile tida påfyll av frivillige for å møte behova ved sjukehuset.  

​Kva gjer vi?

  • Etasjevertar
  • Viser veg til ulike postar, bygg og stader
  • Følger pasientar 
  • Går ærend til butikken, kiosken, apoteket
  • Følger til kiosk, røykerom, apotek, kafè, butikk, byen
  • Leiker / er saman med barn
  • Avlastar foreldre
  • Er følge på venterom
  • Går med bokvogn på avdelingane
  • Gå ein tur i parken, på terrassen eller i nærområdet
  • Bistår med andre ting når det er behov

Bestill oppdrag 

Frivilligkoordinator Mona Vindenes
Vakttelefon: 902 67 193

Berre ta kontakt om du lurer på noko 

Fakta om frivilligkorpset

  • Frivillige utfører ikkje-obligatoriske tenester, og vil vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset
  • Frivillige inngår ein avtale med sjukehuset og får kursing og oppfølging
  • Starta opp i mai 2016 
  • Det er behov for frivillige både på dagtid og ettermiddagstid​

Interessert? Kontakt oss her 

Frivilligkoordinator Mona Vindenes kan kontaktast om du har spørsmål til tenesta eller har lyst til å vere frivillig. 

E-post: mona.vindenes@helse-bergen.no / frivillig@helse-bergen.no  
Mobil: 902 67 193

​Kven kan vere frivillig?

Vi søker frivillige som er imøtekommande og vennlege, kontaktskapande og glad i utfordringa som ligg i møtet med nye menneske. Vi ønskjer oss personar av begge kjønn, alle aldre (over 16 år), med forskjellig kulturell bakgrunn. Du må kunne gi av tida di og ha lyst til å bidra til glede for andre. Vi ønskjer at du kan norsk.

Korleis bli frivillig?

Alle som ønsker å vere frivillige, går gjennom ein rekrutteringsprosess:

  • Informasjon: Alle interesserte får informasjon om tenesta frå frivilligkoordinator
  • Intervju: Alle aktuelle kandidatar blir intervjua av frivilligkoordinator og representant for Personalavdelinga
  • Samarbeidsavtale:  Haukeland universitetssjukehus og den frivillige inngår ein samarbeidsavtale
  • To-kveldars kurs: Meir praktisk informasjon om sjukehuset, kultur og verdiar, etikk og kommunikasjon, plikter og rettar i høve til pasientar.
  • Løpande oppfølging: Alle frivillige medarbeidarar blir følgde opp av frivilligkoordinator

Frivilligkoordinator Mona Vindenes kan kontaktast om du har spørsmål til tenesta eller har lyst til å vere frivillig.
E-post: mona.vindenes@helse-bergen.no  
Mobil: 902 67 193

Kvifor bli frivillig?

Som frivillig får du anledning til å dele av tida di og evnene dine. Når du vel å bruke tida di på dette arbeidet, får andre menneske glede og nytte av det du kan bidra med.

Det er også mykje nyttig læring i dette oppdraget, både gjennom kurs, god oppfølging og dei møta du får med menneska på Haukeland universitetssjukehus.

Alle som ønskjer det kan få attest for jobben dei gjer som frivillig.

Fann du det du leita etter?