Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Turkamerat på Haukeland

- Eg har jobba i politiet i mange år. Det ligg i blodet å hjelpe andre.

Eirik Thorkildsen starta som frivillig fordi han ønskte å gje noko tilbake. Tidlegare har han vore  pasient på Haukeland.

- Eg likar å være her. Eg synes det er kjekt å komme ut blant folk, og eg likar å snakke med andre menneske.

Forventningane var realistiske då han tok til som frivillig før sommaren.

- I byrjinga var det varierande med arbeidsmengde, men no når tenesta er blitt betre kjent går dagane stort sett fort. Dette gjer eg ikkje for min eigen del, men for å hjelpe til.

Vil du og bidra? Meld deg som frivillig

- Kanskje bør vi rette oss inn mot dei som er her lenge? Vi kan jo være turkameratar for dei på sjukehotellet eller andre som er her over ein lengre periode. Men skal vi gjere fleire ting må vi ha fleire folk. Og gjerne menn!

Sist oppdatert 28.07.2022