Akuttmedisinsk avdeling
Akuttmedisinsk avdeling har ansvar for ambulansedrift og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK). Ambulansedrift omfattar bil-, båt-, og luftambulanseteneste. Vi driv opplæring innan ambulansefaget både for akuttmedisin og køyreopplæring.
Kontakt
Telefon
Postadresse
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Kirurgisk serviceklinikk, Akuttmedisinsk avdeling
Postboks 1400
5020 Bergen
E-post
Helse Bergen har som mål at alle skal få rask og kompetent hjelp ved akutt sjukdom og skade. Ved ei optimalisering av plasseringa av ambulansestasjonar og ein moderat auke av ambulansekapasiteten, vil ein vere nær ei oppfylling av måla for responstid. Dette blir anbefalt i Prehospital plan 2018-2035.
Minisjukehus på hjul
Før var ambulansen først og fremst eit transportmiddel. I dag er han eit lite sjukehus i seg sjølv. Bli med inn i en ambulansen.
Ambulanselærlingar
I kvardagen som ambulansearbeidar er ingen dag lik. Hos oss kan du kvart år søke jobb som ambulanselærling.
Opplæring
AMS held kvart år vikarkurs for ambulansepersonell, og i tillegg ein heil del interne kurs for eige personell.