Interiør ambulanse med ambulansepersonell. Foto

Framtidas akuttmedisinske tilbod

Prehospital plan

​Helse Bergen har som mål at alle skal få rask og kompetent hjelp ved akutt sjukdom og skade.


Ved ei optimalisering av plasseringa av ambulansestasjonar og ein moderat auke av ambulansekapasiteten, vil ein vere nær ei oppfylling av måla for responstid.

Dette blir anbefalt i Prehospital plan 2018-2035, som legg grunnlaget for det framtidige akuttmedisinske tilbodet i Helse Bergen. Her finn du meir informasjon om dagens tilbod og framtidige planar:

Om Prehospital plan

Prehospital plan er ein del av Utviklingsplan 2035 for Helse Bergen. Utviklingsplanen seier noko om korleis vi skal løyse framtidas behov for spesialisthelsetenester og sikre pasientane våre gode tenester. Alle helseføretak i Noreg skal lage utviklingsplanar.

Det har over mange år vore arbeidd med å auke kvaliteten og optimalisere ressursbruken i dei prehospitale tenestene i Helse Bergen. Helse Bergen har auka kompetansen både i Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og på ambulansane, og fyller dagens kompetansekrav i «akuttmedisinforskrifta». Endring i ambulansestrukturen over tid har vore nødvendig, og dannar no eit godt grunnlag for å vurdere behova fram mot 2035.

Forvaltningsnivå

Det er to forvaltningsnivå som utgjer dei prehospitale tenestene: Helseføretak og kommune.

For innbyggjarane er det viktig å vere trygg på at ein får rask og kompetent hjelp når ein treng det. Prehospital plan legg derfor vekt på samarbeidet mellom Helse Bergen og den akuttmedisinske beredskapen i kommunane. Pasientane skal oppleve ei heilskapleg teneste.

Utvikling av prehospitale tenester er elles kontinuerlig på dagsorden i samarbeidsorgana mellom Helse Bergen og kommunane, og ikkje berre i samband med Prehospital plan.

I arbeidet med Prehospital plan har tre alternative vegval vorte utgreidd:

  • Alternativ 0: AMK og ambulansetenesta som i dag. 
  • Alternativ 1: Ei prehospital teneste som oppfyller rettleiande responstid.
  • Alternativ 2: Ein moderat auke av dagens kapasitet.

Alternativ 2 blir tilrådd. Dette alternativet legg opp til ei optimalisering av plasseringa av ambulansestasjonar og ein moderat auke av ambulansekapasiteten.

Organisering av planarbeidet

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har leia arbeidet med Prehospital plan. Prosjektgruppa har vore sett saman av representantar frå KSK, Akuttmedisinsk avdeling (AMA), tillitsvalt, verneombod, brukarrepresentant og éin kommunerepresentant frå kvart av dei fire geografiske samhandlingsområda som Helse Bergen delt inn i.

Innan kvart av desse områda er det oppnemnt Underutval for akuttmedisin og beredskap (UFAB). Sak om Prehospital plan har vore tema på møte i alle dei fire UFAB-områda.

Planarbeidet har skjedd i perioden november 2017 til april 2018, og prosjektgruppa har møttes seks gongar. I tillegg har arbeidsgrupper sett på utvalde tema som kompetanse, arbeidstidsordningar og datagrunnlag/analyse.

Prosessen har vore open, i den forstand at relevante fagmiljø og samarbeidspartar både er orientert om- og involvert i prosessen.

Responstid og kompetanse

Helse Bergen har ansvar for Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og ambulansetenesta som omfattar bil-, båt- og luftambulanseteneste.

Kommunane har ansvar for legevaktordning, som består av legevaktsentral, eit fast legevaktnummer (116 117), og legar i vaktberedskap. Legevaktordninga skal sikre befolkningas behov for øyeblikkeleg hjelp.

Dei fleste kommunane innanfor Helse Bergen har i tillegg lang tradisjon for å tilby såkalla «akutthjelparteneste», tidlegare omtalt som «first responder». Målsettinga med ordninga er å sikre at det ved akutt behov for helsehjelp kan settast i verk livreddande førstehjelpstiltak når pasient ikkje kan få øyeblikkeleg hjelp frå legevaktslege eller ambulanse, og at legevaktslege og ordinære ambulanseressursar kan få bistand ved behov for assistanse. Personar som skal yte slik bistand må ha fått nødvendig opplæring. I hovudsak har funksjonen vore forankra i lokalt brannvern. Ordninga er ikkje ei erstatning for ei godt fungerande legevakt og ambulanseteneste, men eit viktig supplement.

Ambulansetenesta og AMK kan målast på responstider. Det er vanskelegare å måle kvaliteten av utført vurdering, handtering og behandling på det enkelte oppdraget. Kompetansen på personellet på ambulansane kan vere avgjerande.

For pasienten er det heller ikkje berre responstida som er viktig. Tida frå ein ber om hjelp til første hjelpar kjem er også viktig. Slik sett kan ein argumentere for at responstid bør regnast fram til pasienten får hjelp frå første ledd i kjeda, ikkje når ambulansen kjem fram.

«Akuttmedisinforskrifta» set krav til innhaldet og kvaliteten på legevakttenestene i kommunane. Legevaktlege skal for eksempel med ein gong kunne rykke ut til sjuke og skadde, og ha nødvendig utstyr til rådigheit. Forskrifta stiller også krav til ambulansetenesta, men ikkje når det gjeld responstid. Responstidene er berre rettleiande.

Dei rettleiande responstidene ved akuttoppdrag er:

  • I byar og tettstadar skal ambulansen vere framme på hendingsstaden innan 12 minutt i 90 prosent av hendingane.
  • I spreidtbygde strøk skal ambulansen vere framme innan 25 minutt i 90 prosent av hendingane.

I St. Meld 43 (1999-2000) skriv Helse- og omsorgsdepartementet: «Et rimelig og realistisk krav for å utgjøre by/tettsted er etter departementets oppfatning mellom 10 000 og 15 000 innbyggere».

Her finn du meir detaljerte opplysningar om responstider

I AMK er det eit forskriftsfesta krav om at 90 % av 113-telefonane skal svarast innan 10 sekunder. AMK i Bergen er i dag godt innanfor desse tidskrava.

Om Akuttmedisinsk avdeling

  • Akuttmedisinsk avdeling har 250 årsverk og eit budsjett på 250 millionar kroner.
  • Avdelinga disponerer totalt 37 ambulansar (døgn: 20, deldøgn: 9, reserve: 8).
  • Ambulansane hadde i 2017 totalt 58.017 oppdrag. Av desse er 18.133 oppdrag «raude» (hasteoppdrag) 26.034 gule og 13.850 grøne. 
  • Gjennomsnittleg responstid for hasteoppdrag var i fjor 16,5 minutt i tettbygde strøk og 28,6 minutt i spreidtbygde strøk.

Spørsmål og svar

Kan alle innbyggjarane som høyrer til Helse Bergen vere trygge på at dei får rask og kompetent hjelp når dei treng det?

Vi har ei forsvarleg ambulanseteneste i Helse Bergen. Akuttmedisinsk avdeling prioriterer til ei kvar tid dei oppdraga som hastar mest, men den akuttmedisinske kjeda består av fleire ledd enn berre ambulansetenesta. I område med lang avstand til ambulansestasjonane, har vi eit godt samarbeid med kommunane om «akutthjelparordning». Det viktigaste for den sjuke eller skadde pasienten er at det raskt kjem kvalifisert hjelp til hendinga. Nettopp derfor er det så viktig at vi og kommunane samarbeider om å lage eit best mogleg akuttmedisinsk tilbod til befolkninga. 

Kva blir gjort av kompenserande tiltak for å ivareta pasientane i tida fram til ambulanse er framme?

Operatørane i AMK trener mykje på å rettleie dei som varslar om hendinga. I mange tilfelle er det dei som varslar om ei hending som betyr mest for utfallet. Kommunale «akutthjelparar» er eit svært godt supplement, og bidrar til at befolkninga får rask hjelp. Det er ofte gjort ein god jobb i forkant av at ambulansen kjem fram. Ambulansen er i seg sjølv eit lite sjukehus på hjul, med avansert medisinsk utstyr og høg-kompetent ambulansepersonell om bord.

Er det akseptabelt at responstidene varierer så mykje mellom tettbygde og spreidtbygde strøk? Skal ikkje folk ha lik tilgang til helsetenester, uavhengig av bustad? 

Det er eit politisk spørsmål. Det er store avstandar i fylket vårt. Dei nasjonale rettleiande responstidene er ulike for tettbygde og spreidtbygde strøk. I dei få tilfella der kvart einaste minutt tel, vel vi alltid næraste ambulanse, men den akuttmedisinske kjeda består av fleire ledd enn berre ambulansetenesta.

I mange område med lang avstand til ambulansestasjonane, har vi eit godt samarbeid med kommunane om «akutthjelparordning». Det viktigaste for den sjuke eller skadde pasienten er at det raskt kjem kvalifisert hjelp til hendelsen. 

Ambulansane i spreidtbygde strøk er ein del av beredskapen sjølv om dei står mykje meir i ro enn ambulansane i tettbygde strøk. Må vi ikkje akseptere at det har ein kostnad å ha god beredskap over alt?

Beredskap kostar. Det er vanskeleg å vurdere kva som er god nok beredskap i spreidtbygde strøk med få ambulanseoppdrag. Det er openbart at vi ikkje kan sentralisere alle ambulansane til sentrumsnære strøk for å utnytte kapasiteten på ambulansane maksimalt. Vi er nøydde til å ha to tankar i hovudet på éin gong – både sørge for å handtere oppdraga i pressområde og oppretthalde beredskapen i spreidtbygde strøk.

Er oppgåvedelinga mellom kommunane og Helse Bergen godt nok avklart i dag?

«Akuttmedisinforskrifta» krev at sjukehus og kommune samarbeider om den akuttmedisinske kjeda. Naudetatane og kommunane har eit godt samarbeid i dag. Vi ser likevel at oppgåvedelinga kan presiserast ytterlegare i forpliktande avtalar, slik at vi kan få til eit endå betre samarbeid i framtida. Vi vil no ta initiativ til ein gjennomgang av organiseringa av den akuttmedisinske kjeda med den enkelte kommune, og slik bidra til at befolkninga får eit så godt akuttmedisinsk tilbod som mogleg.

Kor mange av luftambulanseoppdraga i Helse Bergen blir avvist eller avbrotne på grunn av dårleg vær? 

Totalt i løpet av året blir 5% av oppdraga avvist eller avbrotne på grunn av vær. Denne andelen er høgare i mørke på grunn av strengare krav til sikt for å kunne fly. Då er talet i overkant av 10 %. Mange av desse oppdraga blir løyst ved at luftambulansens legebil køyrer i møte med ambulansen. Men det er område i føretakets nedslagsfelt som ligg meir ugunstig til enn andre med tanke på vær-problematikk. Andelen kan derfor variere frå kommune til kommune. 

Ambulansane i Helse Bergen registrerte «unødvendig ambulansetur» i 1413 tilfelle i 2017 (2.5 % av oppdraga). Slike oppdrag tek opp kapasitet og svekker ambulanseberedskapen. Korleis skal ein unngå dette?

I samarbeid med kommunane skal sjukehuset forsøke å tilby rett behandling til rett tid til rett pasient. I dette ligger det også å forvalte ambulanseressursane på best mogleg vis. Dei som kan transporterast med eigen transport eller drosje må gjere dette. Litt for ofte opplever vi at ambulansen møter oppegåande pasientar med bagen i handa, utan eit reelt behov for ambulansetransport. Denne typen oppdrag er med på å svekke beredskapen og forlenge responstida på reelle hasteoppdrag. Det er viktig at vi prioriterer dei pasientane som treng kvalifisert medisinsk undersøking, overvaking og behandling. AMK og dei som rekvirerer transport må i større grad tørre å prioritere og fortelle pasientane at ambulanse ikkje er nødvendig når dette faktisk er tilfellet.

Vidare ønskjer vi fortsatt å nytte såkalla «kvite bilar» for transportoppdrag som krev båre, men ikkje medisinsk vurdering, overvaking eller behandling. Kvite bilar passar godt for mange av transportoppdraga våre. I tillegg ønskjer vi å vidareutvikle samarbeidet med Røde Kors om ambulanseteneste som avlastar våre ambulansar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.