Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opplæring

AMS held kvart år vikarkurs for ambulansepersonell, og i tillegg ein heil del interne kurs for eige personell.

Lærlingar

AMA har 10-20 lærlingar i ambulansefaget til ei kvar tid. Lærlingane går to år i lære etter to år på yrkesskulen. Læretida er todelt, kor første året er som tredjemann på ambulanse og siste året er​​​​​ som andremann på ambulanse. Det er jamn fordeling mellom kjønna.

Køyreopplæring

AMS har to godkjende instruktørar som tar seg av opplæring innan utrykkingskøyring og vedlikehaldstrening.

Vikarkurs for helsepersonell

På grunnlag av gjeldande regelverk har AMA utarbeida ein tilpassa tilleggsopplæring (Vikarkurs) som kvalifiserer sjukepleiarstudentar, sjukepleiare og medisinarstudentar til å fungere som ambulanse-personell nr. 2.

I tillegg til krav om førarkort kl. B og plettfri vandel må kursdeltakarane tilfredsstilla minimum eitt av punkta:


  • Autorisert helsearbeidar (sjukepleiar eller tilsvarande)
  • 3. års medisinstudent (må vere fullført og bestått det året man starter sommarvikariatet)
  • 3. års sjukepleiarstudent
Søkarar som ikkje tilfredsstiller desse krava blir ikkje vurdert. Det blir gjennomført intervju og fysiske testar for dei kandidatar som me vel å kalla inn.

Vikarkurs blir annonsert i WebCruiter, og vi bed om at interesserte kandidatar fylgje med der.  Du kan òg registrera di interesse for komande kurs. Du vert då kontakta på epost slik at du kan søkja når kursa blir annonsert i WebCruiter.

Hospitering i ambulansetenesta 

I periodar har AMA moglegheit for å ta i mot hospitantar. Ta kontakt pr. e-post.​

Minisjukehus på hjul

Før var ambulansen først og fremst eit transportmiddel. I dag er han eit lite sjukehus i seg sjølv. Bli med inn i en ambulansen.
Minisjukehus på hjul
Sist oppdatert 02.09.2021