Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Minisjukehus på hjul

Dei fleste av oss har heldigvis ikkje hatt behov for å bli transportert i ein ambulanse, men du har kanskje lurt på korleis det ser ut inni ein sjukebil? Bli med inn og ta ein titt, då vel!

Før var ambulansen først og fremst eit transportmiddel. I dag er han eit lite sjukehus i seg sjølv. Visste du for eksempel at ambulansen kan utføre alt frå pustehjelp og sjekke hjarterytmen med EKG, til å ta imot eit barn?  
 
Akuttmedisinsk seksjon ved Haukeland har ansvar for ambulansedrift og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK). Ambulansedrifta omfattar bil-, båt-, og luftambulanseteneste.  Her kan du sjå kva for utstyr som er med i sjukebilane. 
 
to ambulansearbeidere bak ambulanse. Foto.

Ambulansen er utstyrt som eit rullande minisjukehus, fortel ambulansearbeidarane Edmund Varlid og Mari Ann Djupvik ved Haukeland. 

 
ambulansearbeider inni ambulanse. Foto.

I løpet av året har Akuttmedisinsk seksjon ca. 55 000 ambulanseoppdrag, og mange av dei er ordinære transportar, men det også mange akutte tilfelle. Bilen rommar mykje utstyr, og det mest brukte er plassert på venstre side langsmed båra.

 
akuttmappe. foto.

Ambulansepersonellet har med seg fleire akuttsekkar med diverse spesialutstyr, slik at dei kan takle ulike situasjonar. Dei ulike sekkane inneheld til dømes utstyr til barn som treng hjarte- og lungeredning, bandasjar til bruk ved brannskader, oksygen- og ventilasjonsutstyr, utstyr til bruk ved fødsel og utstyr til bruk ved fall- og trafikkulukker.  

 
Dashbordet i en ambulanse. Foto.

Framme i bilen er det sambandsutstyr, GPS og kartsystem, slik at sjåføren finn fram dit dei skal. Her er og ei kartbok om systemet skulle vere nede. 

 
Ambulansearbeider snakker i telefonen inni ambulansen. Foto.

Det er samband også bak i bilen, slik at den som jobbar med pasienten kan halde kontakten med sjåføren undervegs til sjukehuset. 

 
utstyr inne i en ambulanse. Foto.

Er det mistanke om til dømes blodpropp eller hjerneslag, er det viktig å komme i gang med behandling så raskt som mogleg. Inni ambulansen er det både hjartestartar (frå venstre), CPAP (= maskin som kan opne luftvegane ved at oksygen blir pressa ned i lungane), ventilasjonsbag som hjelper pasientar å puste, og sug - ei maskin som kan suge ut slim og oppkast frå nase og svelg. 

 
hjertestarter. foto.

Hjartestartaren er ei av maskinene som blir mest brukt. Med den kan ein måle pulsen, sjekke blodtrykk og oksygen i blodet, gi støt ved hjartestans og ta EKG/hjarteprøve som kan sendast direkte til sjukehuset. 

 
vernehjelm. foto.

Nokre gonger treng ambulansearbeidarane sjølv vern. Er det til dømes skjedd ei ulukke på eit industriområde, må dei ha på hjelm. 

 
spypose. foto.
 
I skapene er det mellom anna smitteutstyr, eingongshansker, søppelposer og ikkje minst er det viktig å ha med spyposer. 

 
Bærestol. Foto.

Nokre stader kan det vere for trongt for ei vanleg båre, og derfor har ambulansen også med ein berestol til å frakte pasientar inn i ambulansen.

Les meir om Akuttmedisinsk avdeling
  
Sist oppdatert 08.06.2016