Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Helsepersonell. Foto

Nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskade­behandling

Kontakt oss

Brannskadeavdelinga har landsdekkande funksjon for behandling av pasientar i alle aldersgrupper med store brannskadar, brannskadar som krev spesiell ekspertise og andre definerte tilstandar.

Avdelinga har åtte senger, fire av desse er intensivsenger. Det blir behandla om lag 150 pasientar med alvorlege brannskadar kvart år. 

  • Metodebok i Brannskadebehandling (Brannskadeavdelinga, Haukeland universitetssjukehus)

Lista er ikkje uttømande. Behandling av brannskadar på lokalsjukehus vil vere avhengig av lokal kompetanse og erfaring. Kriterielista gjev grunnlag for rådføring og mogleg overflytting til BSA.

Dersom lokal kompetanse er tilstrekkeleg, spesielt ved plastikkirurgiske avdelingar, vil ein kunne tilrå behandling lokalt og/eller regionalt utover kriteria under.

  • Brannskade som er større enn 10 prosent av TBSA (kroppsflata)
  • Brannskade som er større 5 prosent av TBSA hos barn
  • Fullhud (3. grad) skadar som er større enn 5 prosent av TBSA
  • Brannskadar i spesielle regionar
     - Hender, andlet, føter, genitalia, perineum og over store ledd
    - Skadar som omfattar heile sirkumferensen på ekstremitetar eller thorax
  • Brannskadar med inhalasjonsskade
  • Elektriske brannskadar
  • Kjemiske brannskadar
  • Brannskadar hos multimorbide
  • Brannskadar med samtidig multitraume
  • Brannskadar hos svært små barn eller svært gamle og svekka pasientar
  • Brannskadar hos gravide
  • Brannskadar der ein mistenker mishandling/omsorgssvikt

Tenesta omfattar avansert brannskadebehandling ved store brannskader og tidleg høgspesialisert brannskaderehabilitering ved komplekse rehabiliteringsbehov i forlenginga av akuttopphaldet. Den nasjonale tenesta  omfattar også rekonstruksjon av følgjetilstander etter store brannskader.

Tenesta inkluderer intensivbehandling og kirurgi ved store flammeskader, skåldingskader, kontaktskader, etseskader og elektriske skader og tilstander som trenger tilsvarande behandling (toksisk epidermal nekrolyse/Steven-Johnsons syndrom og svært omfattande hud- og bløtdelsdefektar som følge av andre skader/tilstander).

ICD10-koder som inngår i det nasjonale oppdraget: T20-25, T29-32, T95, L51.2, Z50.80, Z50.89

Pasientane får oppfølging i fleire år etter utskriving og går jamleg til polikliniske kontrollar. Der er det mellom anna vurdering av arr, og vurdering om det er behov for rekonstruktiv kirurgi. 

Tverrfagleg samarbeid
Behandling av brannskadar kan vere kompleks og krev personale med brei kompetanse innan fleire fagfelt for å oppnå eit best mulig resultat for pasienten. 

Vi ynskjer å gje pasienten ein totalbehandling, både med omsyn til fysiske skader, fysiske traume og posttraumatisk rehabilitering. 

Brannskadebehandling er teamarbeid og vi er over 50 ansatte. Det er plastikkirurgar, anestesilegar, intensivsjukepleiarar, anestesisjukepleiarar, sjukepleiarar og fysioterapeutar. Vi har eit tett samarbeid med sosionom, psykiater og psykologar og prestetenesta . Saman arbeider me for at pasienten skal få den aller beste behandlinga og at sluttresultatet skal bli best mogleg.

Organisatorisk
Brannskadeavdelinga er eit nasjonalt behandlingssenter for avansert brannskadebehandling. Me høyrer til under Avdeling for plastikkirurgi og brannskade ved Kirurgisk Klinikk på Haukeland Universitetssjukehus (HUS).

Brannskadeavdelinga har sidan starten medverka med undervising og opplæring av fleire yrkesgrupper ved mange sjukehus i Noreg. Det kjem jamleg hospitantar frå heile landet til avdelinga og studentar frå fleire faggrupper i grunn- og vidareutdanning blir undervist her.

For tida er to forskingsprosjekt i gang som ein del av doktorgradsstudiane til ein plastikkirurg og ein intensivsjukepleiar ved avdelinga. Avdelingsleiande fysioterapeut har bygd eit landsomfattande nettverk av fysio-/ ergoterapeutar som gjennom kurs og hospitering har opparbeida kompetanse innan etterbehandling av brannskadde pasientar. 

Behandling av brannskadar

Brannskadar er ein hyppig skadeårsak og treng ofte sjukehusbehandling. Her finn du informasjon om korleis dei ulike typene brannskadar vert behandla når du kjem til oss.
Informasjon om behandling av brannskadar
bad av brannskada

Praktisk informasjon

    Maŋemus ođastuvvon 2024-06-03