Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.

Nasjonal behandlingsteneste for diagnostikk og behandling av medfødt hyperinsulinisme

Medfødd hyperinsulinisme er ein sjeldan, arveleg sjukdom som vert kjenneteikna av for høg insulinproduksjon i bukspyttkjertelen. Insulin gir signal til kroppen om å ta opp sukker frå blodet. For høgt nivå av insulin fører med seg lågt blodsukker, og kan væra farleg. Behandlingstenesta omfattar utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med sjukdomen.

Medfødd hyperinsulinisme er vanlegaste årsaka til vedvarande lågt blodsukker hjå barn og nyfødde. Sjukdomen er genetisk og er årsaka av mutasjonar i gen som regulerer insulinsekresjonen.

Ved Nasjonal behandlingsteneste for medfødd hyperinsulinisme mottek vi 2-6 nye tilvisingar i året for mistenkt hyperinsulinisme. Pasientane kjem frå heile landet og vert utgreia og behandla hjå oss. Oppfølging skjer i samarbeid med tilvisande avdeling.

Kompetansen byggjer på mangeårig interesse og erfaring, men også på forsking.

Ingvild Menes Sørensen
Referansegruppa si leiar (HSØ)

Havard Hatle
Representant Helse Midt-Norge

Jostein Andersen Førsvoll
Representant Helse Vest

Kristina Flemming
Representant Helse Nord

Marcus Aadne Søyland
Brukarrepresentant

Pål Rasmus Njølstad
Representant for tenesta

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Barne- og ungdomsklinikken Nasjonal behandlingsteneste for diagnostikk og behandling av medfødt hyperinsulinisme Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Forskingslokala er lokalisert i Glasblokkene nord for Sentralblokka, i blokk 2, etasje 6.


Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Praktisk informasjon

​​Det blir servert fire måltid om dagen frå buffeen ved sengepostane.

  • Frukost kl. 08.00-09.00
  • Lunsj kl. 11.00-12.00
  • Middag kl. 15.00-16.00
  • Kvelds kl. 18.30-19.30

Ein av foreldra får tilbod om å ete i buffeen. I nokre situasjonar vil begge foreldra kunne ete i avdelinga. Personalet vil kunne gi informasjon om dette.

Foreldre med barn på Nyføddintensiv kan bruke buffeen i 3. etasje i Marie Joys' hus.

​Ein av foreldra blir tilbydd overnatting på Barne- og ungdomsklinikken, enten på rom saman med barnet eller på eige foreldrerom. Personalet ordnar dette den dagen barnet blir lagt inn. 

Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet, og vi anbefaler at du er hos barnet så mykje du kan. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste. 

For mor og far: dersom du er usikker på korleis du skal forhalde deg; ta kontakt med sjukeplear for avklaring. 

For andre besøkande - dersom du er sjuk – hald deg heime!

Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til å ha nakne armer under albuen. Altså oppbretta genser, av med ringer, klokker eller lange negler.

For å beskytte barn og personale er det strenge reglar for fotografering på Barne- og ungdomsklinikken. Dersom du ønskjer å leggje ut bilete der andre personar er med, må du spørje først. Tenk gjennom kva du legg ut på internett og hugs at det blir verande der også når barnet veks opp. 


​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient