Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Grunnleggande smitteverntiltak

Basale smittevernrutinar skal etterlevast av alt helsepersonell. Grunnleggande smittevern omhandlar og NOST-etterleving av handhygiene.

​Basale smittevernrutinar omfattar grunnleggande tiltak for å hindre smittespreiing i helsetenesta. Gjennomføring av basale smittevernrutinar overfor alle pasientar vil redusere risikoen for smitte frå både kjende og ukjende smittekjelder og er ein føresetnad for eit effektivt smittevern i helsetenesta. Basale smittevernrutinar skal beskytte helsepersonell mot smitte og førebygge smitte til og mellom pasientar. ​

Tiltak 1: Sikre tilstrekkelig opplæring i basale smittevernrutiner for alt helsepersonell. HF

Tiltak 2: Alle helseføretak skal ha eit system for overvaking av korleis anbefalingar for handhygiene blant helsepersonell vert etterlevd. Overvaking skal utførast i tråd med felles nasjonal standard og teknisk løysing. HF

Tiltak 3: Helseføretaka skal gjennomgå og evaluere handhygienefasilitetar i verksemda. HF

Tiltak 4: Sjukehusa skal gje pasientar og pårørande informasjon og opplæring slik at dei kan medverke til førebygging av smitteoverføring både i og utanfor sjukehuset. HF

Tiltak 5: Alle helseføretak skal ha oppdaterte og leiingsforankra infeksjonskontrollprogram. RHF skal sørge for å rapportere til styringsgruppa for eit betre smittevern. Rapporteringa skjer gjennom RKS. HF/RHF

Tiltak 6: Helse Vest RHF og sjukehusa skal stille krav til infeksjonskontrollprogram ved kjøp av tenester hos eksterne leverandører omfatta av spesialisthelsetenestelova. HF/RHF

​Tiltak 7: Føretaka skal ha ein reinhaldsplan som beskriv reingjeringsfrekvens av dei ulike areala i sjukehusa, reingjeringsmetodar, system for kontroll av reinhaldskvalitet samt opplæring av reinhaldspersonale og ansvarsfordeling.  HF

Helse- og omsorgsdepartementet gir gjennom  "Nasjonal handlingsplan for et bedre smittevern" alle helseføretak i oppdrag å ha ei systematisk overvaking av korleis anbefalingar for handhygiene blant helsepersonell blir etterlevd.

Overvakinga skal utførast gjennom ein nasjonal standard og teknisk løysing utvikla av Folkehelseinstituttet (FHI) - Nasjonalt verktøy for obsevasjon av smitteverntiltak i helsetjenesten (NOST).

Håndbok NOST (FHI). Nettsiden gir en god oversikt over bakgrunn for ob​servasjonene, beskrivelse av den tekniske løsningen og undervisningsmateriell

Kartleggingsskjema: tilgjengelighet av hånddesinfeksjon (DOCX)​ (FHI i samarbeid med de regionale kompetansesentrene smittevern)

Oppsummering Nasjonal standard for observasjon av håndhygiene 2023 (PDF) (FHI)

Føretaka skal ha ein reinhaldsplan som beskriv reingjeringsfrekvens av dei ulike areala i sjukehusa, reingjeringsmetodar, system for kontroll av reinhaldskvalitet samt opplæring av reinhaldspersonale og ansvarsfordeling.​

Standard Norge har utgitt fleire standarder som kan nyttast til å fastsette og gjennomføre eit regelmessig reinhold. Dette er mellom anna:​

​​NS-INSTA 800 -  gir eit system for å fastsette og bedømme kvalitet av reinhald

NS 6600​ - sikre rett kvalitet på reinhaldet i helse- og omsorgstenesta

Sist oppdatert 27.10.2023