Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regionalt kompetansenettverk for CFS-ME i Helse Vest

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering har fått i oppgåve å koordinere og leggje til rette for etablering og drift av nettverket.

Rapport om «Utredning, behandling og oppfølging av pasienter med kronisk utmattelsessyndrom CFS/ME i Helse Vest» (pdf) ble behandla i styret i Helse Vest RHF 02.04.14. 

Det blei mellom anna gjort vedtak om å etablere eit regionalt kompetansenettverk. Dette skal bestå av representantar frå kompetansegrupper i kvart av føretaka i regionen og to representantar frå det regionale brukarutvalet. Den overordna oppgåva til Det regionale kompetansenettverket er:

  • Å bidra til at utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med CFS/ME i Helse Vest held høg fagleg kvalitet, og at pasientane får eit likeverdig tilbod.

Nettverket har utarbeidd ein handlingsplan for arbeidet med oversikt over dei oppgåvene som vil bli prioritert først. Planen er godkjend av Helse Vest RHF.

Les heile rapporten: Stausrapport CFS/ME (PDF)

Konferansen blei arrangert torsdag 2. november 2017.​​​


Konferansen vart arrangert 2. desember 2015, Bergen.

​Konferansen markerte etablering av Regionalt nettverk for CFS/ME og har som formål å vere ein arena for kunnskapsbasert informasjon om forsking og erfaring innan feltet:

  1. Å vere møteplass mellom leiarar, forskarar, og forskingsinteresserte i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i regionen.
  2. Å formidle informasjon og kunnskap om forsking og erfaring i regionen, og stimulere til samarbeid.

Program og presentasjonar

  • Merethe Hustoft
    Koordinator for nettverket og kontaktperson Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helse Vest
  • Jone Owe Overlege i nevrologi Ansvarlig for ME-poliklinikken, Nevrologisk avdeling, Helse Bergen
  • Matthias Hütler Legespesialist/avdelingsoverlege, fys.med. og rehab ReHabiliteringsklinikken og ME-poliklinikken, Helse Bergen
  • My D. N. Torkildsen Overlege fys.med. og rehab Lassa rehabiliteringssenter, Helse Stavanger
  • Inger K.L. Vestergaard Overlege i pediatri knytt til barnehabilitering Østerlide, Helse Stavanger
  • Bjarte Stubhaug Overlege, psykiatar Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna
  • Malgorzata Tveit Overlege Barneavdelinga, Helse Fonna
  • Are M. Lillebø Psykolog/seksjonsleiar Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
  • Kari Esaiassen Helsesøster/spesialsjukepleiar Lærings- og meistringssenter, Helse Førde
  • Claus Ingebrigtsen Brukarrepresentant Regionalt brukarutval
  • Merete Hauge, brukerrepresentant, Regionalt brukerutvalg
  • Kari Toftøy-Andersen Brukarrepresentant Regionalt brukarutval
  • Anders Alme, Overlege, Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
  • Johan Aske Lund, Overlege, Barne- og ungdomshabilitering HABU, Helse Stavanger

Arrangementer

  • Fredagsmøte
    Fredagsmøta er ein serie førelesingar der ulike avdelingar i Helse Bergen får presentere tema av generell interesse frå si avdeling. Møta blir arrangerte annankvar fredag i oddetalsveker i Store auditorium på Haukeland.
    Fredagsmøte
    10.
    mai
    2024
    Fleire datoar
  • Webinar om KONTAKT
    Sosial ferdighetstrening i gruppe med fokus på kommunikasjon og sosial interaksjon ved autisme, etter Frankfurtermodellen.
    Webinar om KONTAKT
    24.
    mai
    2024
  • Nettverkskonferansen for simulering i helsetenesta - Bergen
    Jobbar du med simulering, er interessert eller nysgjerrig på simuleringsbasert læring eller lurar på kva simulering kan bidra med på din arbeidsplass? Bli med på denne spennande konferansen i Bergen!
    Nettverkskonferansen for simulering i helsetenesta - Bergen
    29.
    mai
    2024
    2 dagar
Sist oppdatert 03.10.2023