Om avdeling for pasientreiser
Avdeling for pasientreiser handterer reisebestillingar og koordinerer tilrettelagte reiser for pasientar og følgje. Vi gir informasjon og rettleier i tråd med Pasient- og brukerrettighetsloven om dekking av utgifter til pasientreiser. Avdelinga følgjer også opp avtalar med transportørar om køyring av pasientreiser i Helse Bergen.
Når du har ordna reisa di sjølv til eller frå offentleg godkjent behandling
Du kan få stønad til pasientreisa når du reiser til eller frå behandling som blir dekka av det offentlege.
Som regel får du dekka utgifter med eit fast beløp per kilometer, uavhengig av kva for eit transportmiddel du bruker. Du må betale eigendel for reisa om du ikkje har frikort.
Reisa må vere lenger enn ti kilometer kvar veg, og koste meir enn lokal minstetakst med offentleg transport. For reiser over 300 kilometer får du dekka utgifter tilsvarande billigaste offentlege transport på strekninga, i staden for standardsats per kilometer.
Du må søke om å få dekka utgifter i etterkant av reisa.
Du kan søke digitalt eller på papir.
Les meir om pasientreiser og korleis du søker på helsenorge.no/pasientreiser
Dine rettar ved pasientreiser - informasjon på helsenorge.no
Når du har behov for tilrettelagt transport - ei rekvirert reise
Om du ikkje kan reise med offentleg transport, køyre sjølv eller bli køyrt, anten av helsemessige eller trafikale årsaker, kan du ha rett på rekvisisjon til tilrettelagt transport.
Å reise med rekvisisjon betyr at du får tilrettelagt transport av helseføretaket, og transporten blir organisert av Avdeling for pasientreiser. Du betaler kun ein eigendel kvar veg, dersom du ikkje har fritaksgrunn eller frikort.
Du kan ha rett på rekvirert transport for heile eller deler av reisa.
-
Det er behandlaren din som avgjer om du har behov for rekvirert reise av helsemessige årsaker og kan rekvirere reise på dette grunnlaget.
- Det er helseføretaket ved Avdeling for pasientreiser som hjelper deg ved behov for
rekvirert reise av trafikale årsaker.
Ta kontakt med oss på telefon 05515 om du har spørsmål om ei tilrettelagt pasientreise.
Les meir om rekvirerte pasientreiser på helsenorge.no
Pasientreiser og Covid-19
Tar i bruk samkøyring ved rekvirerte pasientreiser igjen
Frå måndag 7. mars 2022 blei samkøyring igjen den nye normalen. Endringa er basert på smittevernfaglege anbefalingar frå det regionale kompetansesenteret for smittevern (RKS) i Helse Vest.
Dette inneber at rekvirerte pasientreiser igjen blir vurderte for samkøyring, også i vanleg drosje. Det blir anbefalt at både sjåfør og pasient nyttar munnbind under transporten.
Midlertidig endring i rettane ved reise med eigen bil blir avvikla 1. juni 2022
Grunna koronavirus-utbrotet vart det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser, der pasientar fekk dekka reise med privat bil med tilleggsutgifter på alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Ordninga vart avvikla 1. juni 2022, etter lettingar i tiltaka i samfunnet generelt. Det betyr at pasient igjen treng dokumentasjon frå behandlaren sin på at det er nødvendig å nytte privat bil av helsemessige årsaker, for å få dekka tilleggsutgifter som parkering, bom og ferge. Dette gjeld også for reiser som er innanfor ei minstetakstsone.
Les meir på helsenorge.no
Flyreiser
Hvis du må nytta fly på reisa til behandling, må du ringe oss på telefon 05515, så snart du har motteke innkallingsbrevet ditt.
Avdeling for pasientreiser bestiller flybillettar for deg når dette er nødvendig i samband med reise til eller frå behandling. Har du spørsmål om planlegging og gjennomføring av reise med fly, kontakt oss på telefon 05515.
Dersom du bestiller og betaler ei flyreise på eiga hand, kan du søke om å få reisa dekka etter at reisa er gjennomført. For reiser under 300 kilometer kvar veg vil reisa bli dekka med standard sats per kilometer. For reiser som er på meir enn 300 kilometer kvar veg får du dekka utgifter tilsvarande billigaste offentlege transportmiddel på strekninga.
Kontaktinformasjon
Telefon
05515 /
55 55 96 30
Telefontid måndag-fredag kl. 08.00-15.30
E-post
pasientreiser@helse-bergen.no
NB! Ikkje send sensitive opplysningar som f.eks. innkallingsbrev, pr e-post. Benytt deg då av e-Dialog.
Benytt eDialog for sikker sending av e-post via ID-porten
Les korleis du går fram ved bruk av e-Dialog for sikker sending av e-post til Helse Bergen HF
Faks
55 97 82 84
Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for pasientreiser
Postboks 1400
5021 Bergen
Les meir om ulike transportmiddel og fly på helsenorge.no
Venteareal
Pasientar som ventar på pasientreise kan gjere dette i eit eige, tilpassa areal i foajeen i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Opningstider
Bemanna venteareal måndag-fredag kl. 09.30-17.00
Telefon
05515
Tilbod
Pasientventearealet er lokalisert i Foajeen i 0. etasje i Sentralblokka, nær toalett og bibliotek. Ventearealet har lenestolar og småbord med sitteplassar, og er skjerma for gjennomgangstrafikk.
Arealet er bemanna av medarbeidarar frå Avdeling for pasientreiser måndag til fredag kl 09.30-17.00, men er ope for bruk heile døgnet alle dagar. Betjeninga er ikkje helsefagleg utdanna, men vil sikre at pasient og sjåfør finn kvarandre, og dei vil følge opp dersom den planlagde transporten endrar seg.
Pasientar kjem til ventearealet åleine eller blir følgd av personale frå aktuell avdeling. Meld frå til beteninga ved oppmøte i ventearealet.
Oversikt over eigne rekvirerte reiser på helsenorge.no
Ved å logge deg inn på helsenorge.no, finn du oversikt over, og informasjon om, framtidige rekvirerte pasientreiser. Du kan også endre, bekrefte og avbestille enkelte reiser digitalt.
Dersom du ikkje kan eller ønsker å benytte den digitale tenesta kan du kontakte Avdeling for pasientreiser på telefon 05515, så vil vi hjelpe deg.
Les meir om korleis du logger deg på og administrerer dine reiser på helsenorge
Har du opplevd ei uheldig hendig i forbindelse med den rekvirerte reisa di?
Då ønsker vi at du melder i frå til oss.
Du kan sende ei tilbakemelding til vår postadresse eller på e-post via e-dialog (for sikker sending av e-post via ID-porten). Merk sendinga med "pasientreiser".
Les korleis du går fram ved bruk av e-Dialog.
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for pasientreiser
Postboks 1400
5021 Bergen
Dersom noko skulle oppstå i forkant eller under reisa ønsker vi at du kontaktar oss så fort som mogleg på telefon 05515 .
Les meir om rekvirerte pasientreiser på helsenorge.no
Vår serviceerklæring i elektronisk kvalitetshåndbok