Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avtalar for køyring av pasientreiser i Helse Bergen

Helse Bergen gjer avtaler om køyring av pasientreiser i sitt opptaksområde. Avtale om køyring av pasientreiser betyr at pasientar med eit medisinsk eller trafikalt behov for tilrettelegging får transport av helseføretaket og slepp å legge ut for reise med rekvisisjon sjølve, for så å søke dekning av utgifter i etterkant. Her finn du ein oppdatert oversikt over område og status på avtaler om køyring av pasientreiser med rekvisisjon i Helse Bergen.

Publisert 09.09.2020
Sist oppdatert 06.03.2024
En hvit bil på veien

Oversikt over alle​ område og tilhøyrande transportøravtalar (PDF)​

Følgande område er utan avtale om køyring av pasientreiser med rekvisisjon:

Omastrand og Strandebarm

Frå og med 24.februar 2024 har Helse Bergen ikkje lenger avtale om køyring frå poststadene 5632 Omastrand og 5630 Strandebarm i Kvam herad. Det vil seie at dersom pasientar skal hentast i området må pasient bestille og legge ut for reisa sjølv og søke reisekostnadar dekka i etterkant.

For pasientar med rekvisisjon som til dømes skal til Voss eller Bergen, vil pasienten kunne reise vidare med Norheimsund/Øystese Taxi frå Norheimsund. Pasienten må sjølv kome seg til Norheimsund.
Møteplassar i Norheimsund er bussterminalen eller Esso-stasjonen.

Pasient med rekvisisjon som ynskjer tilrettelagt transport frå Norheimsund, kan velje det, så framst Norheimsund/Øystese Taxi har kapasitet.
Kontakt pasientreiser på tlf. 05515 for å avtale reise frå Norheimsund.

Følgande område har særskilde avtalar om køyring av pasientreiser med rekvisisjon:

​Ølve og Hatlestrand

Helse Bergen har avtale med Hillesvik Transport for området Ølve og Hatlestrand. Avtalen gjeld køyring med start i tidsrommet mellom kl. 06.00 – 18.00 alle dagar.

Helse Bergen har ikkje avtale om køyring utanom desse tidene. Det vil seie at dersom pasientar skal hentast i området mellom kl.18.00 og kl. 06.00 (kveld/ natt), må pasient bestille og legge ut for reisa sjølv og søke reisekostnadar dekka i etterkant.

Osterøy

Helse Bergen har avtale med Christiania Taxi Bergen. Avtalen gjeld køyring med start i tidsrommet mellom kl. 06.00 – 18.00 alle dagar. 

Helse Bergen har ikkje avtale om køyring utanom desse tidene. Det vil seie at dersom pasientar skal hentast i området mellom kl.18.00 og kl. 06.00 (kveld/ natt), må pasient bestille og legge ut for reisa sjølv og søke reisekostnadar dekka i etterkant.

Ulvik

Helse Bergen har avtale med Ulvik Taxi. For reiser lokalt i Ulvik gjeld avtalen måndag - fredag i tidsrommet mellom kl. 06.00 – 18.00. For reiser ut av kommunen gjeld avtalen heile døgnet alle dagar.
Helse Bergen har ikkje avtale om køyring utanom desse tidene. Det vil seie at dersom pasientar skal reise lokalt i Ulvik kommune, mellom kl.18.00 og kl.06.00 (kveld/ natt) eller helg, må pasient bestille og legge ut for reisa sjølv og søke reisekostnadar dekka i etterkant.

 

Kva betyr det for deg som pasient når du skal reise frå eit område utan avtale eller på eit tidspunkt der avtalen om køyring av pasientreiser ikkje gjeld?

Vi vil presisere at retten til helsehjelp og til å få dekt utgiftene til nødvendige reiser til og frå behandling gjeld for deg som pasient, uavhengig av om området du skal reise frå har avtale om køyring av pasientreiser eller ikkje.

Dette gjeld dersom du skal reise med rekvisisjon frå eit område utan avtale eller på eit tidspunkt der avtalen ikkje gjeld: 

 

  • Du må sjølv organisere transport og legge ut for reisa 
  • Du betaler for reisa i taxien, eller får ei kvittering for kreditt der det er mogleg
  • Du må søke dekning av reiseutgifter i etterkant
  • Rekvisisjonen er dokumentasjon som automatisk vil følgje søknaden din om dekning av reiseutgifter
  • Du kan sjå dine rekvirerte reiser ved innlogging på https://helsenorge.no/pasientreiser
  • Ved reise til behandling i eit område der vi har avtale om køyring,  f. eks. til Haukeland universitetssjukehus, vil Avdeling for pasientreiser ordne transport til deg heim igjen
  • Dersom du har behov for rekvirert reise på trafikalt grunnlag skal du kontakte Avdeling for pasientreiser på tlf. 05515 som i dag. Dei same retningslinjene vil gjelde for desse reisene.

Søknad om dekning av reiseutgifter kan du gjere digitalt eller på papirskjema. 
Kvittering for betalt transport må leggast ved. 


Informasjon og rettleiing finn du på:

https://www.helsenorge.no/pasientreiser
Her kan du også logge inn og søke digitalt.

Ved bruk av papirsøknad, så skal denne sendast til:
«Pasientreiser HF, Postboks 2533 Kjørbekk, 3702 Skien»

Steg for steg for pasient - ved reise med rekvisisjon der avtale om køyring ikkje gjeld.pdf

Du kan også få hjelp med reiserekningsskjema i pasientventearealet i 0.etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus, eller på tlf. 05515.​

Pasientreiser har ope måndag-fredag kl. 07-19 og laurdag kl. 09-15. 

Ta gjerne kontakt med oss på e-post: pasientreiser@helse-bergen.no     
Unngå å skrive personsensitive opplysningar i e-post.
Vi vil bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle. 

Kva betyr dette for rekvirentar og behandlarar?

Reiser som startar i eit område utan avtale eller i eit tidsrom der avtale ikkje gjeld i området:

  • Behandlarar/rekvirentar skal framleis vurdere pasientens medisinske behov for transport og rekvirere i forkant, som i dag. 
  • Pasienten må likevel organisere og legge ut for reisa si sjølv og søke dekning av reiseutgifter i etterkant.
  • Rekvireringa vil bli nytta som dokumentasjon til pasientens søknad om dekning av reiseutgifter i område utan avtale.

   

Til og frå behandling

Pasienten må ordne transport sjølv dersom reisa startar i eit område utan avtale eller på eit tidspunkt der avtale om køyring ikkje gjeld i området. Dersom heimreisa er frå eit område med avtale om køyring, vil pasienten ved behov få tildelt tilrettelagt transport av Avdeling for pasientreiser. 

Eit eksempel på dette er ei reise frå pasientens bustadskommune, med start i eit tidsrom utan avtale om køyring, til Haukeland Universitetssjukehus. Reisa til sjukehuset må pasient ordne sjølv, men på retur – frå sjukehuset, der vi har avtale om køyring heile døgnet - vil pasient ved behov få tildelt tilrettelagt transport av Avdeling for pasientreiser heim igjen.
Behandlarar/ rekvirentar vurderer pasientens medisinske behov for transport og rekvirerer i forkant ved behov – uavhengig av transportløysing.

Ved behov for rekvirert reise på trafikalt grunnlag skal pasienten kontakte Avdeling for pasientreiser på 05515 for vurdering. Dei same retningslinjene vil gjelde for desse reisene.

Helsepersonell kan bestille reiserekningsskjema, konvoluttar, rettleiingar og anna informasjonsmateriell for pasientreiser kostnadsfritt på

https://pasientreiser.no/helsepersonell/bestill-materiell

Søknad om dekning av reiseutgifter kan pasienten gjere digitalt eller på papirskjema.
Informasjon og rettleiing på https://helsenorge.no/pasientreiser

Pasientar kan også få hjelp med reiserekningsskjema i pasientventearealet i 0.etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus, eller på telefon 05515.

Pasienten kan også sjå dei rekvirerte reisene sine ved innlogging på  

https://helsenorge.no/pasientreiser

Dersom noko skulle vere uklart i forbindelse med avtalar for køyring av pasientreiser i ditt område, eller om du møter på utfordringar og har spørsmål, ta gjerne kontakt med Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 eller på e-post: pasientreiser@helse-bergen.no 

Pasientreiser har ope måndag-fredag kl. 07-19 og laurdag kl. 09-15.
Vi vil bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle.