Det er i tillegg det største barnesjukehuset, kor fattige pasientar frå heile landet mottar gratis, medisinsk behandling inntil dei er 14 år. KCH styres av eit sjølvstendig organ som er underlagt Helsedepartementet i Nepal.
I oktober 2014 vart det signert ei 3 års avtale mellom HUS, KCH og dei nasjonale Røde Kors Blodbank tenestene i Nepal. Formålet med avtalen er å styrke blodtransfusjonstenesta ved sjukehuset.
Delar av prosjektet er finansiert med ei gåve på 2 millionar NOK frå ein privatperson i Bergen. HUS har ansvaret for at midlane går til finansiering av utstyr og teknisk rådgjeving i samsvar med avtala som er inngått. KCH vil sørgje for kvalifisert personell og Røde Kors vil vere ansvarleg for kontinuerleg, teknisk rådgjeving, opplæring og oppfølging av personell på KCH.
I 2016 startar eit nytt Fredskorpsprosjekt som skal supplere det pågåande arbeidet med å styrke blodbanktenestene. Dette vert eit samarbeid mellom HUS, KCH, Nepal Red Cross Society Central Blood Transfusion Services, og Zanzibar National Blood Transfusion Services.