Meir enn 30 avdelingar og einingar ved HUS er engasjert i internasjonale helseprosjekt og det er til ein kvar tid 15-20 tilsette på utveksling mellom samarbeidssjukehusa.
Avdelinga er administrativt ansvarleg for prosjekta og har personellansvar for dei utstasjonerte, mens dei kliniske avdelingane har det faglege ansvaret. AIS assisterer fagavdelingane med søknadsskriving og rapportar til eksterne donorar, og har oppdatert informasjon om alle landa vi er involvert i. AIS har også den offisielle kommunikasjonen med donorar og dei Norske Ambassadane i utlandet.
Det internasjonale arbeidet er forankra i styret til Helse Bergen HF gjennom ein ny vedtatt strategi for internasjonalt samarbeid frå november 2017. Denne erstattar strategiplanane frå 2010 og 2013 og fokuserer meir på kompetansebygging i eit vinn-vinn perspektiv for alle dei involverte institusjonane. Målsettinga til avdelinga er å ha eit fagleg breitt, internasjonalt engasjement mot utvalde partnarsjukehus i Afrika og Asia.
Sjå strategien for internasjonalt samarbeid her
Arbeidet er stort sett finansiert gjennom eksterne donorar, men sidan 2010 har AIS mottatt ein årleg tildeling av midlar frå HUS for å støtte dei internasjonale engasjementa.
Haukeland Universitetssjukehus er også ein partnar i Global Health Norway som er eit nettverk med dei største norske institusjonane innan utdanning, helse og forsking som også involverer seg i globale helseaktivitetar innan kompetansebygging, utdanning og forsking. Les meir her
Tilsette
Jon Wigum Dahl – AvdelingsdirektørKontor: 55 97 33 60 Mobil: 95 89 05 39 E-post:
jon.wigum.dahl@helse-bergen.no
Dahl har vore tilsett i avdelinga sidan den vart etablert 2003. Han har bakgrunn som statsvitar, og har tidlegare arbeidd sju år i FN-tenesta i Genève, Sveits og Dar es Salaam, Tanzania. Han har og vore Helse og sosialsjef i Fusa Kommune, koordinator for internasjonalisering i Bergen Kommune, og kontorsjef på Senter for Internasjonal helse, Universitetet i Bergen.
|  |
Grete Marie Eilertsen – RådgjevarKontor: 55 97 47 69 Mobil: 97 95 77 23 E-post:
grete.marie.eilertsen@helse-bergen.no
Eilertsen har vore tilsett sidan avdelinga vart etablert i 2003. Ho har bakrunn som samfunnsvitar med hovudfag i utviklingsgeografi. Ho er personalansvarleg og har ansvar for den strategiske satsingsmodellen til Helse Bergen, og for eksternt finaniserte prosjekt i Malawi og Etiopia. I tillegg er Eilertsen administrativ ansvarleg for beredskapsteamet. |  |
Silje Seterås – RådgjevarKontor: 55 97 33 70 Mobil: 97 11 00 06 E-post:
silje.seteraas@helse-bergen.no
Seterås har vore tilsett i avdelinga sidan 2004. Ho er utdanna økonom ved Royal Melbourne Institute of Technology. Ho har ansvar for ekstern finansierte prosjekt i Tanzania/Zanzibar og Nepal, og er økonomiansvarlig ved avdelinga. |  |
Gåver og donasjoner
Mange ynskjer å bidra med ulike pengegåver eller i strikkeprosjektet vårt. Ta gjerne kontakt med Avdeling for Internasjonalt samarbeid for meir informasjon.
LION – Lilongwe Institute of Orthopedics and Neurosurgery
I Malawi døyr meir enn 5000 menneske på vegane kvart år, meir enn 100 000 vert skada, og talet aukar raskt. Om lag 10 000 menneske endar årleg opp som permanent uføre på grunn av manglande moderne traumebehandling. Grunna svært avgrensa ressursar kan ikkje Malawi møte denne utfordringa utan ekstern støtte. Vi ynskjer å bidra til å endre dette, slik at fleire trafikkskadde overlev og får god og moderne skadebehandling, og rehabilitering attende til eit normalt liv.
Les meir om ortopedi prosjektet
Sjå korleis du kan støtte prosjektet
Strikkeprosjekt for nyfødde
Haukeland Universitetssjukehus starta sitt engasjement med Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar innan pediatri i 2011. Både Kvinneklinikken og Barneklinikken er involvert i prosjekta. I Malawi har vi hatt eit samarbeid med fødeklinikken Bwaila sidan 2007. Prosjektet i Malawi er no avslutta, men vi sender framleis strikketøy til klinikken. Sidan oppstart har vi motteke tusenvis av babyluer, sokkar, teppe og genser til bruk på sjukehusa. Nyfødde mistar mykje varme gjennom hovudet, og dei som må liggje i kuvøse treng luer for å halde på varmen.
Du kan sjå brosjyre om prosjektet her
Les meir om prosjektet til Barneklinikken
Presseklipp
Sjå presseklipp om oss og våre prosjekt.
Information in english
View our English pages