HELSENORGE
Mål 2

Våre tenester heng saman med kommunane sine og pasientane får helsehjelp på rett nivå til rett tid

Pasientar som treng spesialisthelsetenester vil ofte også trenge helse- og omsorgstenester i heimkommunen.

Ambulansebåt ligg til kai i Austevoll med bro i bakgrunnen. Foto

​Grunngjeving for målet

Pasientane lever liva sine heime, i kommunane. Nærmiljø med gode vilkår for velferd, deltaking, helse og meistring dempar behovet for helsetenester. Pasientar som treng spesialisthelsetenester vil ofte også trenge helse- og omsorgstenester i heimkommunen. Derfor må tenestene henge saman og overgangane mellom tenestenivåa vere gode. Kommunar og sjukehus deler utfordringane knytt til ei aldrande befolkning og tilgang til helsepersonell, samtidig som forventningane hos innbyggarane aukar. For å nå målet må vi saman forbetre og fornye tenestene. 

Det har i gjennom mange år vore eit mål å førebygge for å redusere veksten i bruk av helsetenester. Likevel ser vi at talet på konsultasjonar aukar både i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta. Vi må saman vidareutvikle førebyggande tiltak for å bruke dei samla ressursane våre godt og klare å gi helsehjelp til rett tid.

Samarbeid for å sikre tilstrekkeleg kompetanse på begge nivåa og utvikling av digital samhandling mellom kommunane og sjukehus, blir viktig framover. Pasientane skal bli høyrde når vi tek i bruk teknologiske løysingar og når vi utviklar pasientforløp som bind tenestene våre saman. Prehospitale tenester er ein nøkkel i gode akuttforløp, der samhandling mellom kommunane, sjukehuset og frivillige aktørar gir tenester på rett nivå til rett tid.  

Kor finn du tiltaka?

Tiltak for å nå målet blir utarbeiddd saman med dei 18 kommunane i felles handlingsplan. Nivå 2-einingane vil operasjonalisere målet i sine handlingsplanar, og Seksjon samhandling støttar opp under forbetringsarbeidet i nivå 2-einingane knytt til samhandlinga med kommunane. Prehospital plan 2018-2035​ (PDF)​ skal sikre at pasientane får rask og kompetent akuttmedisinsk hjelp frå spesialisthelsetenesta når dei treng det.

Korleis veit vi at vi er på rett veg?

  • ​Ventetida er i tråd med nasjonal målsetting
  • Prosentdel epikrisar sendt er i høve til nasjonal målsetting
  • Responstider i ambulansetenesta er i samsvar med nasjonale målsettingar
  • Alvorleg sjuke pasientar har kontaktlege/-psykolog
  • Pasientar som skal ha det, får oppretta individuell plan
  • Årleg gjennomgang av avviksmeldingar mellom kommunane og sjukehus blir følgt opp
  • Årleg evaluering av felles handlingsplan med dei 18 kommunane blir følgt opp

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre

Sjå oversikt over alle måla
Fann du det du leita etter?