Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til opphald på sjukehuset. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det.

bilde:jente sitter på fanget til far og de snakker med sykepleier
 
Les meir om Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus er eit alternativ til opphald på sjukehuset for barn og ungdom. Avdelinga er i drift frå mai 2020.

Kvifor heimesjukehus?

  • Barn og familiar har det som regel best heime
  • Barn blir erfaringsvis fortare friske heime
  • Kvardagen blir oppretthalden for heile familien
  • Kvaliteten er like god som på sjukehuset
  • Betre helse og auka livskvalitet for heile familien


bilde av personalet på AHS

Personalet i AHS består av erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist i pediatri. 

Behandling, oppfølging, rettleiing og sjukepleie heime har like god kvalitet som i sjukehuset. Den store forskjellen er at barn og familie får vere heime, og sjukehuset kjem heim til dei. 

Tilbod

  • AHS gir sjukepleie, medisinsk behandling, rettleiing og oppfølging i barnet sin heim, i tett samarbeid med ansvarleg lege og andre fagpersonar.
  • Heimesjukehuset kan blant anna tilby blodprøvetaking, sårstell, observasjon og vurdering, vektkontroll og smertelindring.
  • Avtaletidspunkt er alltid +/- om lag ein halvtime. Om tidspunktet blir forskyvd utover det, ringer vi og gir beskjed.
  • Vi sender dykk tidspunkt for besøk på SMS. De får beskjed seinast dagen i forvegen.
  • Barnet har open retur til sjukehuset, dersom barnets tilstand eller pårørande sin tryggleik tilseier det.
  • AHS er eit tilbod til barn som får behandlinga si i Barne- og ungdomsklinikken.

Vi tilpassar oss ønsker når det er mogleg, men må samtidig planlegge dagen effektivt, så vi kan gi eit tilbod til flest mogleg.

Blodtrykksmåling


Tilgjengelegheit

Vi har opningstid frå kl. 08.00-18.00. I denne tida er vi alltid tilgjengeleg på telefon. Ta kontakt viss det er noko de lurer på. Viss vi ikkje tar telefonen, ringer vi straks tilbake. Ved behov for kontakt utanom opningstida vår, ringer de definert telefonnummer for open retur. 

grafikk: bil med sykehus på henger

Samarbeid og samhandling

AHS samarbeider med barnets ansvarlege lege i sjukehuset. AHS samarbeider også med dei ulike tenestetilboda i bydelane. Det sikrar kvalitet og kontinuitet og skaper ein mjuk overgang mellom sjukehus og primærhelseteneste.

AHS prøver å få til heimebesøk saman med helsesjukepleiar og/eller heimesjukepleie der det er aktuelt.

I pasientsituasjonar der spesialisthelsetenesta har opplæringsansvar for primærhelsetenesta, vil deler av opplæringa kunne bli gitt av Avansert heimesjukehus i kommunen.

Personalet i AHS består av erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist i pediatri. I piloten vil vi starte med opningstid frå måndag til fredag kl. 08.00-18.00
I løpet av prosjektperioden 2020-2021 forventar vi å auke opningstida til sju dagar i veka.


Jobbar du i primærhelsetenesta/skule/barnehage og har spørsmål om Avansert heimesjukehus for barn og unge?

Kontakt oss på tlf. 469 59 878
Kl. 08:00 - 18:00 måndag til fredag 

Tryggleik

Vi vil gjere vårt beste for at det skal vere ei god og trygg oppleving å vere heime. Vår erfaring er at barn er tryggare og blir lettare friske heime og at familien totalt sett får det betre.

bilde: gutt snakker med sykepleier

Kva ønsker vi av dykk som er pasientar i AHS:

  • Ha namn på ringeklokka, og sjekk at den verkar. Ha namn på dør i felles oppgang.
  • Ha alltid telefonen på så vi kan få tak i dykk.
  • Gi bekrefting på mottatt SMS, gjerne med namn.
  • Vi set av og til igjen utstyr heime hos dykk. Dette er berre til bruk for AHS-tilsette. Snakk med oss om de har behov for utstyr sjølve.
  • Vi vil gjerne at de informerer oss om eventuelle husdyr.
  • Det må vere mogleg å parkere i rimeleg nærleik.

Kva vi ikkje tilbyr

  • Viss de må reise inn på sjukehuset, kan vi ikkje tilby transport.

Er dette av interesse?

Viss du som forelder er interessert i tilbod om heimesjukehus, ta gjerne kontakt med sjukepleiar eller lege på avdelinga barnet er innlagt. I samarbeid med dykk vurderer vi om dette er ei aktuell løysing for dykkar barn.

Kontaktinformasjon

Telefon
46 95 98 78
måndag - fredag 08.00-18.00
Mellom kl. 08.00-18.00 er vi alltid tilgjengelege på telefon. Ta kontakt viss det er noko de lurer på. Viss vi ikkje tar telefonen, ringer vi straks tilbake. Ved behov for kontakt utanom opningstida vår, ringer de definert telefonnummer for open retur.
Marie Joys' hus
Besøksadresse
Jonas Lies vei 81(Kart)
Telefon
Sentralbord - 55 97 50 00 (døgnope)

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset i koronaperioden

Under smittesituasjonen med koronaviruset har vi avgrensa talet på besøkande til sjukehuset. 

 

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Fann du det du leita etter?