Grunngjeving for målet
Vår ambisjon er å vere fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt.
I pasientbehandlinga leverer vi høgspesialiserte tenester på mange fagfelt. Vi vil dele kompetanse med og understøtte dei andre sjukehusa sine pasienttilbod. Saman med dei andre føretaka og dei private ideelle institusjonane utgjer vi «Sjukehus i team» her i vest. Dette samarbeidet vil vi bygge vidare på for å bruke dei samla ressursane best mogleg. Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og Sykehusinnkjøp er også viktige partnarar i den vidare utviklinga av helsetenestene.
Haukeland universitetssjukehus er blant dei største beredskapsorganisasjonane i regionen, og beredskap er ein del av den daglege verksemda. I den vidare utviklinga av sjukehuset vil vi bruke erfaringane frå covid-19 pandemien for å førebu oss på kriser som kjem. Vi vil bygge vidare på det gode samarbeidet med dei andre beredskapsaktørane lokalt, regionalt og nasjonalt.
Innan forsking satsar vi på kliniske behandlingsstudiar og vi vil auke samarbeidet med andre sjukehus, universitet, høgskular og helsenæringa. Dei nasjonale og regionale sentra og fagnettverka er sentrale i dette. På fleire område vil vi også samarbeide med sjukehus elles i verda, for å dele erfaringar og lære av kvarandre. I regionalt samarbeid om utdanning skal regionsjukehuset bidra til å vidareutvikle og gjennomføre gode utdanningsløp saman med dei andre føretaka, universiteta og høgskulane.
Kor finn du tiltaka?
Tiltak for å nå dette målet må utarbeidast i nivå 2-einingane sine handlingsplanar. I tillegg vil kompetansedelplanen, delplan for forsking og innovasjon 2023-2026 (PDF) og teknologidelplanen ha tiltak for å nå dette målet. Gjennom leveransane i fleire av dei regionale samarbeidsprosjekta legg vi også grunnlag for sjukehus i team.
Korleis veit vi at vi er på rett veg?
- Resultata på nasjonale kvalitetsindikatorar er blant dei beste i landet
- Talet på kliniske behandlingsstudiar aukar i alle einingar
- Talet på vitskaplege publikasjonar og postdoktorstillingar aukar
- Søknadar om og tildeling av ekstern finansiering aukar
- Praksisindikatoren i Studiebarometeret er betre enn snittet for medisinstudiet, profesjonsstudiet i psykologi og dei ulike sjukepleiarutdanningane
- Talet på regionale og fleirregionale behandlingstenester aukar
- Regionale fagnettverk vidareutviklar samarbeidet mellom sjukehusa