protonsenteret_skisse

Protonsenter i Bergen

Det skal etablerast protonsentre ved Radiumhospitalet og ved Haukeland universitetssjukehus med start i 2023 og 2024.

Protonterapi vil bidra til reduserte langtidsbiverknader frå stråleterapi ved kreftbehandling.

Ved planlegging av stråleterapi er det ei helt sentral vurdering å sikre at nok sjukt vev vert stråla med riktig dose samtidig som friskt vev vert utsatt for minst mogeleg stråling.  Ved å redusere omfanget av friskt vev som vert utsatt for stråling reduserast omfanget av komplikasjonar frå behandlinga. 
 
Protonterapi har eigenskapar som reduserer omfanget av uønskt stråling av friskt vev i kroppen. Dermed bidrar dette til å minske faren for komplikasjonar og biverknader frå sjølve strålebehandlinga. Den reduserte strålinga av friskt vev kombinert med stadig meir presise behandlingsteknikkar bidrar til at færre pasientar får komplikasjonar, og reduserer biverknader frå stråleterapi.
 
Kunnskap pr i dag viser at omlag 10-15 prosent av dei pasientane som i dag får tradisjonell strålebehandling, vil ha betre nytte av behandling med protonar.  

Bakgrunn

I 2017 blei 54 norske pasientar, fleire av desse barn og unge, sende til utlandet for å få kreftbehandling med protonstråling. Det finst mange pasientar som med sikkerhet kan ha nytte av protonbehandling, men som av ulike grunnar ikkje blir sende til behandling i dag. Basert på medisinske estimat er talet på norske pasientar som vil få nytte av protonterapi i 2022 langt høgare. Fleire internasjonale estimat tydar på at om lag 10-15 prosent av dei pasientane som i dag får tradisjonell strålebehandling med fotonar/elektronar, vil ha betre nytte av behandling med protonar.

Sidan 2012 har ein jobba med planar for etablering av protonterapi i Noreg. Helse Vest har leia det nasjonale prosjektet med utarbeiding planfase og idefase. Denne blei overlevert til Helse- og omsorgsdepartementet i desember 2014. Oppdraget med å gjennomføre konseptfasen blei gitt til Sykehusbygg HF, og sluttrapport for konseptfasen blei ferdigstilt i 2016. Prosessen med etablering av protonterapi i Noreg har so langt vore i nasjonal regi.

Samtidig med det nasjonale arbeidet har Haukeland universitetssjukehus (HUS) vore med å leggje til rette for etablering av protonsenter ved å investere i tomt. I samarbeid med Bergen forskningsstiftelse (BFS), Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskolen på Vestlandet (HVL) har det i same periode vore ei målretta satsing på forsking og kompetansebygging.

Finansiering

I revidert statsbudsjett for 2018 blei det vedtatt å sikre finansiering slik at det kan byggast protonsenter i både Bergen og Oslo. Senteret i Oslo skal byggjast på Radiumhospitalet, medan senteret i Bergen skal byggjast på Haukeland der tomta øvst i Haukelandsbakken ligg klar. Det er vedtatt ei låneramme på 907 millionar kroner og ei tilskotsramme på 389 millionar kroner til protonsenteret på Haukeland. Det vil seie at eigendelen på 30 prosent er fullfinansiert av staten.

Organisering

Byggjinga av protonsenter på Haukeland er organisert som Program for protonterapi.

Programeigar og programstyreleiar

  • Eivind Hansen, administrerande direktør

Programstyre

  • Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør
  • Olav Mella, avdelingsdirektør, Avd. for kreftbehandling og medisinsk fysikk
  • Aslak Aslaksen, avdelingsdirektør, Radiologisk avdeling
  • Askjell Utaaker, divisjonsdirektør, Drift-teknisk divisjon
  • Kristin Pundsnes, avdelingsdirektør, Økonomi- og finansavdelinga
  • Odd Andrew Storetvedt, avdelingsdirektør, Personal- og organisasjonsavdelinga
  • Erik Vigander, avdelingsdirektør, Kommunikasjonsavdelinga
  • Geir Egil Pedersen, seksjonsleder, Prosjektkontoret
  • Robert Bjerknes, prorektor, Universitetet i Bergen
  • Gro Anita Fonnes Flaten, Høgskolen på Vestlandet
  • [Programstyremedlem, Helse Vest]
  • [Programstyremedlem, Sykehusbygg HF]
  • Brit Pedersen, programleiar, Føretakssekretariatet
  • Lars-Petter Smidt, prosjektleiar - Bygg, Prosjektkontoret
  • John Einar Thorsheim, prosjektleiar - Utstyr, Prosjektkontoret
  • Merethe Storegjerde, prosjektleiar - Organisasjon, Personal- og organisasjonsavdelinga
  • Odd Harald Odland, prosjektleiar - Forsking, utvikling og kompetanse, Avd. for kreftbehandling og medisinsk fysikk
  • Ingeborg Sævareid, føretakshovudverneombod
  • Else-Gunn Bøe Fjell, tillitsvald, NRF
  • Bjørn Inge Tjøtta, tillitsvald, Tekna
  • Inge Fiskvik, Brukarutvalet

Sjå prosjektdirektiv for utfyllande informasjon om programorganisering (pdf)

Nasjonal overbygging

Utover desse prosjekta skal Program for protonterapi ha ein tett kobling mot det nasjonale verksemdutviklingsprosjektet som skal sikre likeverdig protonbehandling til norske pasientar og høgt fokus på kunnskapsutvikling innan protonterapifeltet.

Vegen mot protonsenter

  1. 2018

    Arbeid med reguleringsplan, anbodsprosess knytta til utstyrsleverandør og romprogram i byggeprosjektet.

  2. 2019

    - Inngå avtale med utstyrsleverandør - Detaljprosjektering av programmet - Utlysing av arkitekt- og byggekontrakt - Inngå kontrakt

  3. 2018-2024

    - Organisasjonsprosjekt - Forsking, utvikling og kompetanseoppbygging

  4. 2020-2023

    - Oppstart og gjennomføring av byggjearbeid - Sikre samanheng/logistikk mot andre bygningar på sjukehuset

  5. 2023-2024

    - Utstyrsmontasje og testing - Oppstart behandling

Aktuelt

  • 06.05.2019
    Slik kan protonsenteret bli

    Kontrakt med utstyrsleverandør er signert, og på onsdag vart skisseprosjektet vedtatt i styret i Helse Bergen. Det er viktige dagar på vegen mot protonsenter ved Haukeland universitetssjukehus.

  • 06.05.2019
    Kontrakt for utstyr til prontonsentra i Noreg signert

    Protonsentra ved Radiumhospitalet, Oslo universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus skal gje betre kreftbehandling til pasientar i heile landet. 2. mai vart kontrakten med utstyrsleverandøren Varian Medical Systems signert både i Oslo og Bergen.

  • 15.05.2018
    Midlar til etablering av protonsenter i Bergen

    Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2018 å sikre finansiering slik at det kan byggast protonsenter både i Bergen og Oslo. Tilbodet skal komme heile landet til gode.

  • 01.03.2016
    20 millionar kroner til forskingsprosjekt ved Kreftavdelinga

    - Vi er svært glade for dei moglegheitene denne løyvinga gir oss. Dette er forsking og kompetansebygging som skal legge grunnlag for ei betre pasientbehandling i framtida, seier prosjektleiar Olav Dahl.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.