Å gi tidleg og koordinert innsats til barn og unge, og hindre forverring, er først og fremst bra for den enkelte pasient, men det er også ein betre måte å bruke ressursane på. Barn og unge skal ha eit heilskapleg tilbod av både somatiske og psykiske helsetenester, og fagfolka må i større grad jobbe i team på tvers av fagområde. Vi vil også ta vare på dei særskilte behova ungdom har. Barn og unge er ei gruppe vi skal ha særleg merksemd på i helsefellesskapet.
For at barn og unge som treng det skal få helsetenester av like god kvalitet som vaksne, er det behov for tett samarbeid mellom barne- og ungdomsmedisinen og vaksenmedisin.
Helsetenester for barn og unge må ta omsyn til barn og unge sine behov for utvikling, omsorg, læring og samfunnsdeltaking. Langvarige og samansette forløp for barn og unge har mange overgangar og derfor er samhandling med kommunane viktig. Saman kan vi bidra til å førebygge helsevanskar og understøtte meistring og livskvalitet der barn og unge lever liva sine. Dei skal oppleve tenester som heng saman, i sjukehuset, utanfor sjukehuset og i overgangane mellom desse. Desentralisering av spesialisthelsetenester, ambulante tenester, bruk av teknologi og samarbeid om forsking og innovasjon, er verkemiddel for å bidra til dette.