Flyttar fjell for framtida

VIDEO: Under bakken sprenger vi veg mot framtida. Protontomta i Haukelandsbakken skal knytast til Sentralblokka. Det krev mange salver - og ein svært uvanleg aktivitet i fjellet under sjukehusområdet.

I 2024 blir første pasient behandla ved protonsenteret i Haukelandsbakken. Då kjem framtidas strålebehandling til Bergen. Men før pasientar og tilsette kan ta i bruk senteret skjer det uvanleg og intensiv byggeaktivitet - både over og under bakken. 

VIDEO: Trykk på bildet for å bli med under bakken og sjå salven gå av


- Vi sprenger ein spiraltunnel med to svingar. Denne går om lag 60 meter under bakken. Tunnelen gjer det mogeleg å lage den framtidige heissjakta som skal ta oss opp til protonsenteret. I tillegg sprenger vi no ein 230 meter lang horisontal tunnel frå heissjakta til Sentralblokken. Det vil gje pasientar og tilsette ei trinnfri veg heilt opp til Haukelandsbakken, seier Lars Petter Smidt som leier det uvanlege byggeprosjektet. 

Andre del av heissjakta vert no sprengt ut. Det står igjen om lag ca 60 meter før den horisontale gangtunnellen er ferdig sprengd. Sprengingsarbeidet vil avsluttast i slutten av september.  

Parkeringsdekket vil bli tilbakeført til vanleg oppsett i oktober. 
På tomta i Haukelandsbakken er sprengingsarbeidet avslutta.​