Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
BUS oversiktsbilde

"Ein betre start for heile familien"

Bli med inn i nye KK

7. november 2023 flyttar Kvinneklinikken inn i Glasblokkene. Her ventar eit nytt, moderne sjukehus som legg til rette for ei familievenleg føde- og barselomsorg.

I Glasblokkene er det tilrettelagt for eit heilskapleg føde- og barseltilbod der kvinna, barnet og familien skal få vere saman. Partnar kan vere til stades gjennom heile opphaldet. Pasientane og deira pårørande skal bu og opphalde seg i tilrettelagde og moderne lokale med utsikt over Bergen by. Gynekologiske pasientar får plass i hjartet av dei nye blokkene. 

Etter nesten 100 år flyttar Kvinneklinikken inn i eit nytt bygg. Dette gjer det mogleg å tilby moderne, familiebasert omsorg for både for kvinner, barn og deira familiar​.









Kvinneklinikken flyttar inn i same bygg som Barne- og ungdomsklinikken.  Samlokaliseringa gjer at eit nyfødd barn som har behov for behandling på Nyføddavdelinga skal kunne ha foreldre buande saman med seg heilt frå starten. I dag vert mor og barn i mange slike tilfelle skilt i to ulike bygg på kvar si side av Haukelandsområdet.  ​


I Glasblokkene er målet å styrke omsorga, særleg for dei sjukaste kvinnene og barna i sjukehuset, men også for dei friskaste i samarbeid med kommunane.

Individuell og tilpassa føde- og barselomsorg 

Når kvinner skal føde på Haukeland i framtida vil dei fortsatt få individuell og tilpassa omsorg basert på risikonivå og behov, og eigne ønsker for fødselen. 

Fødeavdelinga har fire sengepostar som vert fordelt mellom fire etasjar - Føde A, Føde B, Føde C og Føde D Storken. Dette er kombinerte einingar som både ivaretar fødslar og barseltida. Dei fleste blir verande på same eining gjennom heile opphaldet. 

Romma i Glasblokkene

Kombinerte føde- og barselrom er utforma og utstyrt slik at fødekvinnene kan vere éin plass under heile sjukehusopphaldet utan å måtte flytte på seg slik dei må i dag.
Sjå bilder og fakta om lokala til KK
Multifunksjonsrom

Fødselen 

Heile Fødeavdelinga vil vere innreia med tanke på å halde fødslar så naturlege som mogleg. Det er lagt til rette for ulike tilbod om smertelindring, mellom anna med badekar på dei fleste føderomma. Med plass til partnar både på fødestova og familieromma er det tilrettelagt for at partnar skal kunne vere med både under fødsel og opphaldet på barsel.  

Det er eit overordna mål at fødekvinna skal flyttast minst mogleg for å sikre kontinuitet. Nytt frå slik det er på Storken i dag, er at dersom ei fødande på Føde D Storken treng epidural vil ho kunne få det på denne posten, utan å måtte flytte til ein annan post midt under fødselen.

Fødeavdelinga ønsker å auke fokus og kompetanse på den naturlege fødselen i heile avdelinga. Jordmødrer på Føde D Storken har til dømes brei erfaring med alternativ smertelindring, aktive fødestillingar og fødslar i vatn, som ein ønsker å vidareføre til alle jordmødrene på Kvinneklinikken.  

Barseltida: Familien skal vere saman 

Fødeavdelinga tar vare på barselkvinnene og barna så lenge dei har behov for det. Liggetida tar omsyn til kvar enkelt sin livs- og helsesituasjon. At partnar kan vere til stades gjennom heile barseltida er ei av dei største forbetringane samanlikna med fleirsengsromma dei fleste får tilbod om på Kvinneklinikken i dag.   

Fødeavdelinga i Bergen har i ei årrekke arbeidd med å utvikle alternative modellar for barselomsorga, i tråd med intensjonane i Samhandlingsreformen frå 2008-09 og Nasjonal faglig retningslinje for barselomsorgen frå 2014. 

Barselomsorga skjer i samarbeid mellom sjukehus og kommunehelseteneste.  Fødeavdelinga sikrar at både mor og barn er klare til å skrivast ut før heimreise.  I dag veit vi at ikkje alle barselkvinner må liggje i ei sjukehusseng for å få god støtte eller trygg oppfølging etter fødselen, og at mange kjenner seg friske og ønsker å reise heim relativt kort tid etter fødselen. Andre barselkvinner treng eit lengre opphald på KK, og dette vert vurdert i kvart enkelt tilfelle. 

KK har eit omfattande og godt samarbeid med omkringliggande kommunar om etablering av system for barseloppfølging lokalt. Det gjer at ein del kvinner og nyfødde vil kunne reise heim tidlegare, og få ammehjelp, vektkontroll og nyføddscreening utført på heimstaden sin. Uavhengig av liggetid vil også mange sleppe å kome tilbake til poliklinikken på KK for oppfølging etter heimreise, fordi nødvendige undersøkingar kan utførast i heimkommunen.  

Barselkvinner som treng spesialisthelsetenester også i tida etter at dei er utskrivne frå sjukehuset, får sjølvsagt tilbod om oppfølging hos oss. For plager eller smerter etter rift vil det fortsatt vere eit tilbod på riftpoliklinikken på KK.  Frå vinteren 2022 kan enkelte barn få oppfølging heime gjennom avansert heimesjukehus.

Les meir om barselpoliklinikk, ammepoliklinikk og riftpoliklinikk.

Gynekologisk avdeling i Glasblokkene

Gynekologisk sengepost flyttar inn i 2. etasje i blokk 6. Sengeposten har plass til 22 pasientar og gir behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Kvinner med kreft i underlivet får tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og eventuelt etterbehandling. De fleste pasientane vil få eige rom med tilhøyrande bad under opphaldet på sengeposten. 

Gynekologisk poliklinikk flyttar til flotte, store lokale i 4.etasje. Poliklinikken får gode undersøkings- og behandlingsrom.  

dagbehandling gun cyt_foto

Cytostatikabehandling til gynekologiske kreftpasientar får eige areal i den same etasjen. Behandlingsrommet er stort og lyst og har fantastisk utsikt over Bergen by.

Kvinner som skal til planlagt gynekologisk operasjon vil møte i U2, underetasjen der operasjonsstovene ligg. Her  blir dei blir tekne imot, klargjort til operasjon, operert og overvaka. Dei blir deretter flytta  til sengeposten i 2. etasje. Pasientar til kirurgisk dagbehandling reiser heim frå same lokalet som dei blir tekne imot.  
Sist oppdatert 21.03.2023