Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Glasblokkene:
Slik blir framtidas føde- og barseltilbod på Haukeland
7. november 2023 flyttar Kvinneklinikken inn i Glasblokkene. I det nye og moderne sjukehuset vil fødekvinnene og dei nyfødde få eit heilskapleg tilbod tilpassa kvar enkelt.
Publisert 15.12.2022
Sist oppdatert 04.09.2024
- Glasblokkene er bygd for å gje plass til familiebasert omsorg. Då Kvinneklinikken opna for nesten 100 år sidan var det ingen som forventa at far skulle vere med på fødsel- og barseltida på sjukehuset. Mykje har heldigvis endra seg, og i dag ønsker og forventar vi alle at familiar skal få vere saman i denne tida, seier klinikkdirektør ved Kvinneklinikken, Susanne Albrechtsen.
No ser ho fram til at fødekvinnene skal kunne ha med seg partnar gjennom heile opphaldet dersom dei ønsker det.
- Kombinerte føde- og barseleiningar med enkeltrom gjer dette mogleg i mykje større grad enn på fleirsengsromma på dagens KK. Ein unngår også å flytte kvinnene i like stor grad som i dag, noko som er viktig både for pasientane, pasienttryggleiken og dei tilsette, seier Albrechtsen.
Kvinneklinikken flyttar no inn i same bygg som Barne- og ungdomsklinikken. Samlokalisering og nærleik gjer det enklare å styrke samarbeidet og ivaretakinga av dei sjukaste kvinnene og barna i sjukehuset.
- Eit nyfødd barn som har behov for behandling på Nyføddavdelinga skal no kunne ha foreldre buande saman med seg heilt frå starten. I dag vert mor og barn ofte skilt i to ulike bygg på kvar si side av Haukelandsområdet. Dette er noko av det vi ser mest fram til å endre ved å flytte inn i Glasblokkene, seier Albrechtsen.
Individuell og tilpassa fødselsomsorg
I Glasblokkene flyttar Fødeavdelinga inn i blokk 5, blokka som ligg nærast Sentralblokka. Fødeavdelinga har fire sengepostar fordelt på fire etasjar. Føde A/B, Føde C og Føde D Storken er kombinerte einingar som både ivaretar fødslar og barseltida.
Fødeavdelinga har i mange år førebudd seg på å flytte inn i bygget, og vedtok i 2019 å fortsette å fordele pasientane til tre ulike nivå.
- Vi har organisert oss rundt pasienten. Kvinnene vil få individuell og tilpassa omsorg basert på risikonivå, behov og eigne ønske for fødselen. Fleirlingfødslar og andre risikofødslar vil skje nær operasjonsområde og Nyføddavdelinga i U2, mens fødslane elles vil fordele seg over to etasjar med Føde D Storken lokalisert øverst i 4. etasje, fortel Albrechtsen.
Måla for fødetilbodet
Differensiert og brukarstyrt fødeselsomsorg, med seleksjon basert på risikonivå og fødande sine behov
Styrka omsorg særleg for dei sjukaste kvinnene og barna i sjukehus
Styrka omsorg for dei friskaste i samarbeid med kommunen
Familiebasert omsorg, der pasienter og pårørande vert ivaretatt i heilskaplege forløp
Pasienten i sentrum - eksperten skal komme til pasienten
Heile Fødeavdelinga vil vere innreia med tanke på å halde fødslar så naturleg som mogleg. Det er lagt til rette for ulike tilbod om smertelindring, mellom anna med badekar på dei fleste føderomma. Med plass til partnar både på fødestova og familieromma er det tilrettelagt for partnar på alle omsorgsnivå både under fødsel og opphaldet på barsel.
- Vi ønsker å auke fokus og kompetanse på den naturlege fødselen i heile avdelinga. Jordmødrene på Føde D Storken har til dømes brei erfaring med alternativ smertelindring, aktive fødestillingar og fødslar i vatn, som vi ønsker å vidareføre til alle jordmødrene på KK, fortel klinikkdirektøren.
Det er eit overordna mål at fødekvinna skal flyttast minst mogleg for å sikre kontinuitet.
- Nytt frå slik det er på Storken i dag, er at dersom ei fødande på Føde D Storken treng epidural vil ho kunne få det på denne posten, utan å måtte flytte til ein annan post midt under fødselen, seier Albrechtsen.
- Vil Storken slik vi kjenner tilbodet bli utvatna?
- Både vi som fagmiljø og brukarpanelet vårt er svært opptatt av at vi framleis skal ha det naturlege fødetilbodet som Føde D Storken er også når vi flyttar inn i Glasblokkene. Dette blir ei eining med plass til fleire enn i dag, også dei kvinnene som vil ønske seg epidural undervegs. Det kan dei no få utan å måtte flytte til ei anna eining. Ved Føde D Storken vil det fortsatt vere jordmødrer som har erfaring med naturlege, jordmorstyrte fødslar og særskilt kompetanse på alternativ smertelindring, fødestillingar og fødslar i vatn. Vi meiner at vi no lagar ei heil fødeavdeling som betre legg til rette for den aktive og naturlege fødselen, seier Albrechtsen.
Det er mykje som blir endra ved innflytting i Glasblokkene, og tilgang til epidural på Storken er blant tiltaka som vil bli evaluert og følgt opp i det vidare arbeidet på Fødeavdelinga.
Barseltida: Familien skal vere saman
Fødeavdelinga tar vare på barselkvinnene og barna så lenge dei har behov for det. Liggetida tar omsyn til kvar enkelt sin livs- og helsesituasjon. At partnar kan vere til stades gjennom heile barseltida er ei av dei største forbetringane samanlikna med fleirsengsromma dei fleste får tilbod om i dag.
- Liggetida i barsel skal tilpassast behova til kvinna og det nyfødde barnet. Liggetida kan forlengast grunna til dømes ammeproblem, gulsott eller komplikasjonar hos mor, og er ikkje spesifikt knytt til om det er den fødande sitt første eller andre barn.
Trygg utskriving og samarbeid med kommunane
Fødeavdelinga sikrar at både mor og barn er klare til å skrivast ut før heimreise. I dag veit vi at barselkvinner ikkje nødvendigvis må liggje i ei sjukehusseng for å få god støtte eller trygg oppfølging etter fødselen. Mange av kvinnene kjenner seg friske og ønsker å reise heim. Andre barselkvinner treng eit lengre opphald på KK, og dette vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.
- Ved Fødeavdelinga i Bergen har vi gjennom fleire år arbeidd med å utvikle alternative modellar for barselomsorga, i tråd med intensjonane i Samhandlingsreformen frå 2008-09 og nasjonale retningslinjer. Vi har no mykje erfaring som stadfestar at barselkvinner kan ivaretakast med gode modellar for oppfølging på kvinna sin heimplass, seier Albrechtsen.
Bli med inn på nye KK
7. november 2023 flyttar Kvinneklinikken inn i Glasblokkene. Her ventar eit nytt, moderne sjukehus som legg til rette for ei familievenleg føde- og barselomsorg.
Ein ønsker at friske kvinner med normal fødsel og med friske barn fødd til termin, skal få tilbod om individuell oppfølging i eigen kommune framfor å vere innlagde på sjukehus i fleire dagar etter fødsel.
- KK har eit omfattande og godt samarbeid med omkringliggande kommunar om etablering av system for barseloppfølging lokalt. Det gjer at ein del kvinner og nyfødde vil kunne reise heim tidlegare, om dei ønsker det, og få ammehjelp, vektkontroll og nyføddscreening utført på heimstaden sin.
Uavhengig av liggetid vil også mange sleppe å kome tilbake til poliklinikken på KK for oppfølging etter heimreise, fordi nødvendige undersøkingar kan utførast i heimkommunen.
- Barselkvinner som treng spesialisthelsetenester også i tida etter at dei er utskrivne frå sjukehuset, får sjølvsagt tilbod om oppfølging hos oss. Vi har mellom anna tilbod til kvinner på riftpoliklinikken på KK. Frå vinteren 2022 kan enkelte barn også få oppfølging heime gjennom avansert heimesjukehus.
Barselomsorga skjer i samarbeid mellom sjukehus og kommunehelseteneste.
I endring, utvikling og læring
Det har over tid vore greidd ut om KK har behov for å nytte ekspansjonsetasjen som står klar i Glasblokkene, i femte etasje i blokka der Fødeavdelinga helt til. Palliativ sengepost flytter inn i deler av etasjen. medan KK vil nytte resten som ekspansjonsareal dei dagane det er behov for dette.
- Fødselstala har gått ned frå 4700 i 2018 til omlag 4300 i 2022. Det gjer at periodane med mange fødande på same tid inntreff sjeldnare. Vi ser også at fleire mødre vil bu saman med barnet sitt i barseltida på Nyfødtavdelinga, det vil avlaste Fødeavdelinga noko. Samstundes har vi tatt høgde for auke og endringar i dei lokala vi no har til rådigheit. Deler av 5. etasje kan takast i bruk dersom det er behov for dette. Vi vil alltid ha plass til alle, seier Albrechtsen.
Når Fødeavdelinga flyttar inn i Glasblokkene inneber dette store endringar.
- Vi veit ikkje alt om korleis nytt bygg og nye arbeidsmetodar vil slå ut på førehand, og det vil nok ta litt tid før drifta i Glasblokkene finn si endelege form. Men vi evaluerer fortløpande, og justerer drifta når det trengs, seier Albrechtsen.
No gjer ho og kollegaene seg klare til å forlate 100-åringen KK.
- Vi førebur oss og tel ned dagar. I november 2023 er vi klare til å ta imot dei første fødekvinnene og deira familiar i eit nytt, topp moderne sjukehus ved foten av Ulriken. Vi gler oss!
Romma i Glasblokkene
Kombinerte føde- og barselrom er utforma og utstyrt slik at fødekvinnene kan vere éin plass under heile sjukehusopphaldet utan å måtte flytte på seg slik dei må i dag.