Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt senter for psykoselidingar opna: - Ein milepæl for mental helse

Denne veka opna Mohn forskingssenter for psykoselidingar. Menneske med alvorlege psykiske lidingar har 15-20 år kortare forventa levetid. Forskingssenteret skal no finne ut korleis ein kan gje desse pasientane eit lengre liv og betre livskvalitet.

Publisert 08.03.2024
Sist oppdatert 04.09.2024

Psykoselidingar, som inkluderer schizofreni- og bipolare lidingar, råkar mellom 1-2 prosent av befolkninga, og minst 30 000 menneske lever til ei kvar tid med slike lidingar i Noreg i dag. Lidingane fører til ein vesentleg redusert livskvalitet og 15-20 år forkorta gjennomsnittleg levetid grunna både naturlege og unaturlege dødsårsaker. Dagens behandlingsmetodar har vist seg å vere utilstrekkelege for ei stor undergruppe av pasientane, noko som krev nytenking og forsking innan feltet.

Det nye senteret sitt mål er å redusere overdøyelegheit og forbetre behandlingsresultata ved psykoselidingar gjennom å auke bruken av den beste kunnskapsbaserte behandlinga. Vidare inkluderer forskingsmåla forbetring av medikamentelle behandlingsmetodar og reduksjon av risikofaktorar for både fysiske lidingar og sjølvmord.

Et par menn i hvite frakker
Frå høgre: Erik Johnsen, klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk, HUS ved Klinisk institutt 1, UiB og professor Vidar M. Steen (Klinisk institutt 2, UiB).

– Dette er ein milepæl for mental helse. Alle snakkar om den dramatiske overdøyelegheita ved psykoselidingar, men få gjer noko med den. Dette vil vi endre!, seier klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk, HUS, og professor ved Klinisk institutt 1, UiB.

Han skal leie det nye senteret saman med professorane Vidar M. Steen (Klinisk institutt 2, UiB) og Ingrid Melle (Oslo universitetssjukehus (OUS).
Forskingssenteret er lokalisert på Psykiatrisk klinikk i Sandviken. Forskarane vil dra nytte av den samlokaliserte infrastrukturen ved Psykiatrisk klinikk (PK), Helse Bergen, for å fremje integrering av klinisk praksis og forsking. Brukarperspektivet er også solid forankra i senteret.

En person iført rød frakk og blått hodeskjerf
Anne Alnes Blindheim, leiar for Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK).

– Vi treng meir kunnskap om for tidleg død hos personar med alvorlege psykoselidingar. God forsking må romme fleire perspektiv. For å få til det må vi ha eit godt samarbeid mellom fagleg kompetanse og levd liv. Min rolle i leiinga i forskingssenteret er å bidra med eit anna perspektiv og dra inn PEK for å vidareutvikle senteret. Saman skal vi lage betre psykosebehandling for dei som treng det, seier Anne Blindheim.

Samarbeid om ein underproritert pasientgruppe

Senteret er eit samarbeid mellom Helse Bergen, UIB og UIO. Trond Mohn Stiftelsen bidrar med 25 millionar kroner over fem år.

– Dette er ein stor dag! Det er viktig at vi som samfunn får meir forsking på dette feltet. Det er viktig for pasientgruppa det gjeld. Her har vi etablert eit godt samarbeid mellom UIO, UIB, Helse Bergen og Trond Mohn Stiftelsen. Masse lykke til til dei flinke folka som skal jobbe her. Vi er spente på resultata, seier Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Frå venstre: Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen, Erik Johnsen, klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk og Per Bakke, dekan ved Det medisinske fakultet, UIB.

– Mohn forskingssenter for psykoselidingar er eit døme på kva sjukehuset og fakultetet kan få til når vi samarbeider. Dette senteret er ekstra viktig fordi det omhandlar det som er ein underprioritert pasientgruppe, både kva gjeld klinikk og forsking, seier Per Bakke, dekan ved Det medisinske fakultet, UIB.

Senterets opning blei markert med eit fagseminar som inkluderte taler frå leiinga og fagleg innlegg. Senterleiar Erik Johnsen leia an, etterfølgt av helsingar frå Anne Marie Haga, dagleg leiar for Trond Mohn forskingsstiftelse, Per Bakke, dekan ved Det medisinske fakultet, UiB, Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen HF, og Petter Andreas Ringen, klinikkleder for psykisk helse og avhengigheit ved OUS.

Fagseminaret ga eit djupdykk i sentrale forskingstema relatert til psykoselidingar. Blant høgdepunkta var Thomas Werges presentasjon om presisjonspsykiatri og genetikken si rolle i psykiske lidingar og Rune Andreas Krokens innsikt i prosjektet STABIL-NOR, som fokuserer på å forbetre livskvaliteten for personar med psykoselidingar.

Det faglege programmet tilbaud også innsikt i innovative tilnærmingar som PEDAL-intervensjonen, presentert av Trine Vik Lagerberg, som undersøker potensialet for psykoedukasjon og digitale verktøy i behandlinga av bipolar liding. Anja Torsvik og Srdjan Djurovic bidrog med sine forskingar på immunologiske funn og stamcellemodellar knytt til psykoselidingar.

Thomas Werge er klinisk professor ved Institutt for klinisk medisin, Københavns universitet. Forskinga hans fokuserer på genetiske faktorar og biologiske mekanismar som bidrar til utvikling av alvorlege psykiske lidingar. Han deltek i vitskapleg rådgjevande komité for det nye Mohn senteret.

Anne Alnæs Blindheim er leiar for gruppa Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK) ved Bergen Psychosis Research Group.

Rune Andreas Kroken er førsteamanuensis ved Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen, og overlege ved Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.

Trine Vik Lagerberg er avdelingsleiar ved Avdeling for forsking og innovasjon, Klinikk psykisk helse og avhengigheit, Oslo universitetssjukehus, og professor ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo.

Anja Torsvik er forskar ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen.

Srdjan Djurovic er forskingsgruppeleiar ved Avdeling for medisinsk genetikk, Oslo universitetssjukehus, og professor ved Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen.