Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
pet-maskin. foto

Senter for nukleærmedisin og PET

PET står for positronemisjonstomografi. Det er ein metode nytta til å framstille funksjonar og biokjemiske prosessar i levande vev med hjelp av radioaktivt merka sporstoff.  PET/CT har stor verdi innanfor kreftdiagnostikk og for undersøkingar av hjernen.

Nukleærmedisin er kort fortalt bruk av åpne radioaktive stoff for diagnostikk og terapi. 

Senter for nukleærmedisin og PET inkluderer eit radiokjemisk laboratorium med ein partikkelakselerator, ein såkalla syklotron, til produksjon av radioaktive isotopar. Legemiddelet med radioaktive isotopar som vert nytta ved dei fleste PET/CT-undersøkingane ved senteret kallast F-18 FDG, dette er radioaktivt merka druesukker.

Det radioaktivt merka druesukkeret vil bli injisert i kroppen til ein pasient om lag ein time i forkant av undersøkinga. Ved å la druesukkeret bli teke opp og fordelt i kroppen, noko som normalt tek om lag 45 minutt, vil legane som studerer bileta frå PET/CT-undersøkingar kunne identifisere unormal aktivitet i kroppen og dermed gjev dette forbetra diagnostisering av til dømes kreftpasientar.

PET har i løpet av dei siste par tiåra vist seg å vere eit veldig kraftfullt verktøy innan medisinsk forsking, diagnostikk og behandlingsplanlegging.

Les meir om radioaktivt merka druesukker 

Senterleiar
Cecilie Brekke Rygh 

Medisinsk ansvarleg 
Martin Biermann, professor, overlege

 

Kontakt

Telefon

Telefon ekspedisjon

55977657
  • Måndag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Tysdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Onsdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Torsdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Fredag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Timebestilling nukleærmedisin

55 97 76 56
  • Måndag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Tysdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Onsdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Torsdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Fredag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Timebestilling PET

55977657
  • Måndag
    • 09:00 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Tysdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Onsdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Torsdag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Fredag
    • 07:45 - 11:00
    • 12:00 - 13:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Telefaks

55 97 76 02

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling, senter for nukleærmedisin og PET held til i 0. etasje i Parkbygget.

Telefontid: måndag kl. 09.00-11.00 og 12.00-13.30, tysdag-fredag kl. 07.45-11.00 og 12.00-13.30.

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Ny undersøkingsmetode kan gje betre behandling av pasientar med brystkreft

Radiologisk avdeling ved Senter for kjernefysisk medisin/PET (PET-senteret) og Brystdiagnostisk senter (BDS) samarbeider med kreftavdelinga for å utvikle betre diagnostikk for brystkreftpasientar som får neoadjuvant behandling.

PET/MR av brystkreftpasientar – betre diagnostikk og betre behandling?
To forskere ser på Pet-maskin

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

      Tilvising til oss

      Her får du tilvisningskriterier til nukleærmedisin og PET på Haukeland.
      Sjå tilvisingskriteriene
      pet.foto