Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Radioaktivt merka druesukker

Radioaktivt merka druesukker er det viktigaste legemiddelet som blir brukt for kreftutredning med PET. Det radioaktive legemiddeler injiserer vi med ei sprøyte. Ein time etter injeksjon tar vi bilder av korleis legemiddelet har fordelt seg i kroppen.

Det finst normalt opptak av druesukker i mange organ - blant anna hjerne, hjarte og muskulatur - men også av mange solide svulstar, og metoden er utmerka for kreftdiagnostikk.

Druesukker (glukose) kan merkast radioaktivt med fluor-18 (F-18), såkalla fluorodeoksyglukose eller F-18-FDG.

Fluormerket druesukker (FDG)

 

Fluormerka druesukker (FDG).illustrajon

Fluormerka druesukker (FDG)

Druesukker blir levert til cellene via ein Glukosetransporter (GLUT). Deretter blir druesukker kjemisk modifisert (fosfatert) slik at den ikkje kan forlate cella igjen. Etter fosfatering blir druesukkeret forbrent i stoffskiftet.

Druesukker (Gluc) tas opp i cellene med en glukose-transporter (GLUT) samme som den fluor-merkede varianten (FDG)

Druesukker (Gluc) blir tatt opp i cellene med ein glukose-transporter (GLUT) same som den fluor-merkede varianten.illustrasjon

Druesukker (Gluc) blir tatt opp i cellene med ein glukose-transporter (GLUT) same som den fluor-merkede varianten (FDG)

Fluormerking av druesukkeret påverker eigenskapane i stoffskiftet. Det fluor-merka druesukket (FDG) blir opptatt og modifisert med ei fosfat-gruppe som det normale druesukkeret på same måte. Men etterpå kan den fluor-merka varianten ikkje behandlast vidare i stoffskiftet - FDG-fosfat blir samla opp i cellene. 

Fenomenet blir kalla "trapping" på engelsk (etter "trap" = felle). Trapping er eit ønska fenomen fordi det øker styrkjen av det radioaktive signalet. Sjølve legemiddelet blir berre gitt i spormengder, som har ingen biverknader for pasienten. 

Sist oppdatert 27.09.2016