Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Fysioterapi­avdelinga

Fysioterapiavdelinga yter tenester til alle somatiske avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus, samt til Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge. Fysioterapeutane er plassert nær dei kliniske avdelingane dei yter tenester til, og vi er derfor lokalisert mange stader.   Avdelinga sine viktigaste oppgåver er undersøking og behandling av pasientar, informasjon til pårørande, forsking og fagutvikling, samt undervising og rettleiing av studentar og samarbeidspartnarar i og utanfor sjukehuset.

Einingar i Fysioterapiavdelinga

Fysioterapiterapeutane er organisert i ulike einingar/seksjonar. Her finn du oversikt over hvilke avdelingar på sjukehuset vi samarbeider med og driv fysioterapi på.
Les meir om oss
Fysioterapeutane har nært samarbeid med legar, pleiarar og anna personale på sjukehuset. I samband med utskriving av pasientar samarbeider fysioterapeutane med helsepersonell utanfor sjukehuset. Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen er viktige samarbeidspartnarar for Fysioterapiavdelinga som utdanningsinstansar for fysioterapeutar. 

Pasientbehandling

Fysioterapiavdelinga behandlar primært innlagde pasientar, men har også mykje poliklinisk verksemd på område der spesialkunnskap er nødvendig. Pasientane blir behandla både individuelt og i grupper. 
 
Behandlinga går føre seg i på pasientrom, i undersøkelsesrom, i treningssal eller i terapibasseng. Nokre pasientar møter fysioterapeut ein eller få gonger, mens andre pasientar får fysioterapi over lang tid. Det er tilstanden til pasienten som avgjer kva for tiltak som blir brukt, og pasienten blir gjort mest mogleg delaktig i behandlinga.

Administrasjon og organisasjon

Det er avdelingssjefen som har det overordna faglege og administrative ansvaret for Fysioterapiavdelinga. 

Har du spørsmål til Fysioterapiavdelinga om retninglinjer for behandling eller anna, er du velkommen til å ta kontakt med oss!

Kontaktpersonar - e-postadressar og telefonnummer

Stillingsfordeling

Organisasjonskart.pdf  

Organisasjonskart, engelsk.pdf

Fag og forsking i avdelinga

Forskings- og fagutviklingsleiar initierer og rettleiar i prosjektarbeid og anna fagleg utviklingsarbeid ved Fysioterapiavdelinga.

Oversikter over pågåande prosjektar, publikasjonar, hovudfags-/mastergradsoppgåver og doktorgradsavhandlingar, samt presentasjonar

Fysioterapiavdelinga legg til rette praksis for fysioterapeutstudentar frå Høgskulen på Vestlandet og frå fysioterapeututdanningar i utlandet. 
Kvar vår tek vi imot tredjeårs fysioterapeutstudentar i praksis frå Fysioterapeututdanninga i Bergen i ein praksisperiode på 10 veker. Studentane er knytta til ei eining ved Fysioterapiavdelinga i praksisperioden, og dei får tett oppfølging av sin eigen praksisrettleiar. 

Ved Fysioterapiavdelinga tek vi også i mot førsteårs fysioterapeutstudentar i ein tredagars følgjepraksis i haustsemesteret. Vi samarbeidar og med Fysioterapeututdanninga om avsluttande klinisk eksamen, både gjennom å vere staden for eksamens og gjennom at fleire av avdelinga sine fysioterapeutar bidrar som sensorar. Fleire av avdelinga sine fysioterapeutar deltar og som førelesarar i undervisning på utdanninga.

Fysioterapiavdelinga tek imot masterstudentar frå HVL i praksisperiodar på fem veker i tillegg til observasjonsprasis på ei veke.

Kontakt

Administrasjonen

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

      Einingar i Fysioterapiavdelinga

      Fysioterapiterapeutane er organisert i ulike einingar/seksjonar. Her finn du oversikt over hvilke avdelingar på sjukehuset vi samarbeider med og driv fysioterapi på.
      Les meir om oss

      Informasjonsskriv til pasienter

      Her finn du informasjon om fysioterapi relatert til ulike sjukdommar eller plager organisert ut frå dei ulike einingane.
      Informasjonsskriv til pasienter

      Terapibassenget

      Terapibassenget har tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar i form av trening individuelt og i grupper.
      Terapibassenget
      Interiør terapibasseng i Gamle hovedbygg. Foto