Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
stråling CTmaskin_foto

Stråleterapi

Stråleterapiseksjonen skal saman med avdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus, gje eit strålebehandlingstilbod til pasientane i Helse Vest (Vestland og Rogaland). Hovudoppgåvene våre er knytt til planlegging, gjennomføring og oppfølging av pasientar som får strålebehandling.

Kvart år får ca. 1880 personar strålebehandling hos oss. På stråleterapiseksjonen arbeider det stråleterapeutar som tar hand om pasientane ved den daglege behandlinga.

I samband med strålebehandling vil kroppen reagera på strålinga i større eller mindre grad. Dei fleste reaksjonane er lokale og vil kunne variera mykje frå person til person.
Informasjonsskriva under vil difor bare fungera som ei rettleiiing, og gjer ikkje ein eksakt oversikt over korleis akkurat du vil oppleva behandlingsperioden. Dei er berre meint å gjera deg bevisst på, kva for erfaringar ein kan gjera seg underveis.

Spør alltid personalet om noko er uklart i samband med den informasjonen du får på avdelinga.

Om strålebehandling

 

Tilbud på avdelingen

Omsorg for mindreårige barn (0-18 år)

Har du daglig omsorg for mindreårige barn og har de eventuelt behov for oppfølging i forhold til din sykdom?

Barn som pårørende
Sykepleiere. Foto.

Vardesenteret

Vardesenteret på Haukeland er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande.  Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.

Vardesenteret
To menn og tre kvinner bak en kjøkkenbenk, lager mat og prater

Informasjon

Kontakt

Spørsmål i samband med oppstart av behandling: tlf.

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret