Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Plastikkirurgi og brannskade

Ved "Avdeling for plastikk-, hånd- og rekonstruktiv kirurgi og Nasjonalt brannskadesenter" blir pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar behandla når operasjonsindikasjonen gir grunnlag for behandling i det offentlege helsevesen. Aktiviteten er fordelt mellom sengepost og poliklinikk.

Hos oss blir pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar behandla. Avdelinga er ei av fem fagavdelingar under Kirurgisk klinikk.

 

  • Brannskadeavdelinga er ein del av avdelinga og behandlar barn og vaksne med avanserte brannskadar. Avdelinga disponerer også senger ved Pasienthotellet - Haukeland hotell som ligg like ved sjukehuset.

  • Barnekirurgen er sengeposten for barn som høyrer til Avdeling for plastikkirurgi og brannskade. Barnekirurgen er ein del av Barne- og ungdomsklinikken i Glasblokkene. Barn og ungdom som skal ha operasjonar som ganelukking, beintransplantasjon eller andre operasjonar på svelg og nase blir innlagde på Barnekirurgen. Pasientar i alderen 16– 18 år blir i nokre tilfelle innlagde på Kirurgisk klinikk, Post 4 Plastikkirurgi / karkirurgi.

  • Nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskadebehandling  Brannskadeavdelinga har landsdekkande funksjon for behandling av pasientar i alle aldersgrupper med store brannskadar.

  • Fleirregional teneste for leppe-kjeve-ganespalte Avdelinga har fleirregionale funksjonar i forhold til barn med leppe-kjeve-ganespalte. Barna blir behandla i tverrfaglege team og blir følgt frå dei er fødd fram til vaksen alder.Etter fødselen blir barnet tilvist til eit av dei to sentera for spalte i Norge, enten i Bergen eller Oslo. 

Aktivitet

Her går føre seg både utgreiing, dagkirurgi og kontroll av pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar.

Dagkirurgi

Poliklinikk operativ eining, har to operasjonsstuer kor det dagleg blir utført kirurgi som arrkorreksjon, håndkirurgi, fjerning av hudsvulstar og andre operative inngrep. Her blir og utført meir omfattande operasjonar som krev narkose. I fjor blei det utført ca. 3300 dagkirurgiske inngrep.

Vi utfører:

  • Handkirurgi
  • Mammakirurgi
  • Microkirurgi
  • Tumorkirurgi
  • Korrigering av urogenitale misdanningar
  • Leppe-kjeve-ganespalte
  • Brannskadar
  • Rekonstruktiv kirurgi

I forbindelse med skadekirurgi har avdelinga spesiell kompetanse i bløtvevsdekning av sår og defektar. Plastikkirurgane har hovudansvaret for behandling av pasientar med nekrotiserande bløtvevsinfeksjonar.

Etter større skader eller operasjoner på grunn av malign sykdom kan det være behov for kirurgisk rekonstruksjon og oppbygging av kjevene. Behandlinga går føre seg ved Kjevekirurgisk avdeling i samarbeid med øyre-nase-halsavdelinga og plastikkirurgisk avdeling.

 

Kontroll og etterbehandling

Ei rekke pasientar som har blitt operert for handskadar treng opptrening over lengre tid. Dei blir følgt opp av fysioterapeut og ergoterapeut med spesiell kompetanse i rehabilitering av slike skader. I fjor utgjorde denne gruppa 1252 av konsultasjonane ved poliklinikken.

Brukarar med kroniske/ alvorlige sår kan søkje HELFO om å få dekka utgiftar til bandasje materiell. 

Kva skal til for at du får dekka utgiftene?

Legen må bekrefte at:

  • Du har kroniske og alvorlige sår og fistlar – som for eksempel kreftsår, trykksår (liggesår), venøse leggsår, diabetiske sår og arteriosclerotiske sår
  • Behovet for materiellet må vare minst tre månader i løpet av eit kalenderår
  • Materiellet må være kjøpt på apotek eller hos bandasjist
  • Det ikkje er heimesjukepleie som steller såra
  • Om såra blir stelt av heimesjukepleie, er det kommunen som skal dekke utgiftene – og du kan ikkje søke HELFO om dekning av disse utgiftene

Brukarar som får godkjent refusjon betaler eigendel (1775,- kr per 17.01.16). På beløp overstigande dette, dekker HELFO 90 % og bruker 10 %. Denne eigendelen inngår ikkje i frikortordninga for helsetenester.

Første gang du søker om slik dekning, er det vanlegvis legen som fyller ut skjemaet «Søknad om bidrag til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell» (pdf)

Dersom søknaden blir godkjent, vil du få tilsendt eit vedtak i posten frå HELFO. Dette vedtaket gjeld for eit kalenderår av gongen.

Utgiftene dine blir dekka ved at du fyller ut og sender inn skjema. «Kvitteringsskjema for utgifter som kan dekkes etter folketrygdloven» (pdf)

  • Krav om refusjon skal setjas fram innan 6 månader året etter du hadde utgifta. Dvs. innan 30. juni påfølgjande år. Det er krav til original og spesifisert kvittering
  • Søknaden sendes det HELFO-kontor brukaren er tilknytt
  • Dersom ein ikkje er i stand til å betale eigenandel sjølv, kan det søkjast om dekning til bidrag for dette hos HELFO

For utfyllande informasjon - sjekk dine pasientrettar på helsenorge.no

 

Kontakt

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i Sentralblokka.

  • Telefon - ekspedisjon: 55 97 28 42
  • Brannskadeavsnittet: 55 97 35 60
  • Post 4: 55 97 35 50
  • Poliklinikk operativ enhet: 55 97 28 05, telefontid Kl. 09.00-11.00 og 13.00-14.30, måndag, onsdag og fredag
  • Leppe-kjeve-gane spalte teamet: 55 97 62 86, telefontid Kl. 09.30-11.00 og 13.00-14.30, måndag, onsdag og fredag
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

      Til deg som skal til planlagt operasjon

      Vi ønskjer at du skal vere best mogleg orientert om det som skal skje med deg under opphaldet. Vi har derfor samla ein del informasjon til deg som skal til planlagt operasjon hos oss.

       

      Til deg som skal til planlagt operasjon.pdf
      Gastro_og_akuttkirurgi_operasjon4.jpg