Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Mannlig pasient håndhilser på lege. Foto

Samhandling

Ei god oppgåve- og ansvarsfordeling og eit godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelseteneste er avgjerande for at vi skal kunne tilby pasientane våre eit heilskapleg og godt behandlingstilbod.

www.saman.no

Heimeside for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta innanfor lokalsjukehusområdet til Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus. ​På saman.no finn du mellom anna oversikt over samarbeidsstruktur mellom kommunan​e og sjukehusa i området, aktuelle samarbeidsavtalar og informasjon om fagleg samarbeid. 

Lenke til saman.no
En person som sitter ved siden av en person i en stol

For fastlegar og andre tilvisarar

Her finn du samhandlingsnytt, aktuelle snarvegar og kurs for fastlegar og andre tilvisarar.

For fastlegar og andre tilvisarar
to personer i hvit uniform som håndhilser

Seksjon for samhandling skal være ein pådrivar for utvikling av samhandlingsarbeidet på overordna nivå, samt koordinera det interne samhandlingsarbeidet i sjukehuset.

Seksjonen skal i tillegg støtta dei formelle samhandlingsaktivitetane med kommunane. Med bakgrunn i ei aukande kompleksitet og aktivitet i arbeidet er det etablert ei ny intern samhandlingsstruktur ved HUS.  

Kontakt

Seksjon for samhandling
Seksjonsleiar Grete Lill Hjartnes
samhandling@helse-bergen.no

Koordinator for Samarbeidssekretariatet

Rådgivar Anne Kvalheim, telefon 406 12 604  

I Seksjon for samhandling tilhøyrer både praksiskonsulentar, brukarutval, og ungdomsråd. 

Brukarutvalet i Helse Bergen

Haukeland universitetssjukehus sitt brukarutval skal ivareta pasientar og pårørande sine interesser, og bidra konstruktivt til å betre tenestene på sjukehuset.
Les meir om brukarutvalet
Brukarutvalet

Ungdomsrådet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har etablert eit ungdomsråd for å auke brukarmedverknaden i aldersgruppa 12 til 25 år. Ungdomsrådet består av 11 personar frå ulike kommunar i Hordaland som er eller har vore pasientar ved sjukehuset.
Les meir om ungdomsrådet
Ungdomsrådet poserer i gruppe

Brukarmedverknad

Pasientar og pårørande har verdifulle erfaringar i bruk av helsetenestene. Desse erfaringane er viktige for sjukehuset i utforming av våre tenester. Her får du ein oversikten over sentrale aktivitetar hos oss.
Organisering og aktivitetar innan brukermedverknad
Brukarmedverknad i Helse Bergen
Sist oppdatert 05.11.2024