Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Diagnose

Irritabel tarm syndrom (IBS)

Irritabel tarm-syndrom (IBS) er kjenneteikna av magesmerter ved endringar i avføringsmønsteret. Nokon opplever plager med forstopping eller diaré. Nokon har eit vekslande og uføreseieleg avføringsmønster. Sjukdommen er ikkje farleg, men han kan vera svært plagsam i dagleglivet og setja avgrensingar for livsutfoldinga. Tilstanden er kronisk dersom han har vart i over eit halvt år. Alvorsgrada varierer mykje frå person til person. IBS rammer omtrent 15 av 100 i befolkninga.

Irritabel tarmsyndrom (IBS) kan gi plager som magesmerter, forstoppelse, oppblåsthet og diaré. Symptomene forverres ofte av stress og enkelte matvarer, men mange opplever god bedring med livsstilsendringer.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientane med IBS kan følgast hos fastlegen og treng ikkje behandling eller utgreiing på sjukehus. Nokre pasientar har uttalte plagar og har derfor behov for vurdering hos spesialist. Før ein blir tilvist, anbefaler vi at grunnleggande utgreiing er utført, og dette bør det opplysast om i tilvisinga frå fastlegen.

Tilvisinga bør innehalde:        
  • Sjukdomsdisposisjon i familien (cøliaki, autoimmun sjukdom, inflammatorisk tarmsjukdom, gastrointestinal og annan kreftsjukdom)
  • Annen sjukdom inklusive autoimmun sjukdom
  • Symptombilde og symptomvarigheit
  • Resultat frå relevant utgreiing (til dømes endoskopi med histologi, cøliakiprøver, fekal kalprotektin og andre avføringsprøver og aktuelle blodprøver)
  • Behandlingsforsøk til no
        

Les meir i rettleiaren for utgreiing av funksjonelle sjukdommar i tarm. Rettleiaren er ein kortversjon utarbeidd for legar som har pasientar til utgreiing for moglege funksjonelle tarmlidingar. Utarbeidd av "Nasjonal Kompetansetjeneste for funksjonelle mage-tarmsykdommer (NKFM)".

Her finner du fremgangsmåte for å sende tilvising

Utredning

Irritabel tarm syndrom kan vanlegvis utgreiast i regi av fastlegen. Diagnosen blir stilt på bakgrunn av klassiske symptom, og ved å utelukke enkelte andre sjukdommar som kan ha liknande symptom. Slike tilstandar kan vere cøliaki, inflammatorisk tarmsjukdom (som Crohns sjukdom og ulcerøs kolitt) og tarmkreft. Ofte er det tilstrekkeleg å ta blodprøver og avføringsprøver for å utelukke desse tilstandane, men nokre gonger er det nødvendig med tilvisning til spesialisthelsetenesten for endeleg avklaring.  

Det kan vere aktuelt å undersøke mage- og tarmkanalen ved til dømes gastroskopi og koloskopi. Andre gongar er det behov for til dømes ultralyd, CT eller MR-undersøkingar. Dette gjerast etter individuell vurdering av pasienten sin fastlege.

Behandling

Irritabel tarmsyndrom er en kronisk tilstand som kan endre seg over tid gjennom livet. I noen perioder kan pasienten være veldig hardt rammet, mens det i andre perioder er færre symptomer. Noen pasienter opplever også at symptombildet endrer seg over tid; for eksempel kan man i en periode oppleve forstoppelse som hovedproblem, mens det senere kan være diaré.

Et hovedprinsipp i behandlingen av IBS er å identifisere hva som er den eller de største utfordringene for pasienten, og å starte behandlingen rettet mot det problemet. Det finnes flere tiltak som kan være relevante, alt fra avspenningsteknikker og pusteøvelser til diettbehandling og medisiner rettet mot smerter, forstoppelse eller diaré. Nedenfor vil vi gå gjennom noen råd som kan hjelpe mange pasienter med IBS.

Generelle råd ved irritabel tarm-syndrom (IBS)

Mange opplever symptomlindring ved å følge noen generelle råd og det anbefales derfor å starte med disse. De generelle rådene baserer seg på NICE guidelines og anbefales som førstelinjebehandling

Les mer om generelle råd ved irritabel tarm-syndrom (IBS)
Foto: Havregrøt med bær

IBS-skolen

Flere helseforetak arrangerer kurs for pasienter med IBS. Det er vanligvis lagt opp til fysisk oppmøte og undervisning i grupper. Kursene går vanligvis over et par dager. Sjekk med fastlegen din hva slags tilbud som er tilgjengelig i ditt område.

FODMAP

Her finn du oppdatert informasjon om lav FODMAP-dietten skrivne av kliniske ernæringsfysiologar ved "Nasjonal kompetansetjeneste for funksjonell mage-tarmssjukdommer".

 

 

Mage- tarmskolen

I Helse Vest er Mage- tarmskolen standardisert førstelinebehandling for IBS-pasientar. Kurset er eit tverrfagleg behandlingstilbud som er utvikla i samarbeid mellom lege med spesialistutdanning innan fordøyelsessjukdommar, spesialsjukepleiar, manuellterapeut, psykologspesialist, hjerneforskar, og kliniske ernæringsfysiologar. 

Dette er eit e-læringskurs utarbeida av Nasjonal kompetansetjeneste for funksjonelle mage-tarmsykdommer (NKFM). Spørreundersøkingar blant dei som har tatt kurset viser betring av plagane og auka livskvalitet. 

Mage- tarm skolen gjer deg innføring i ulike tiltak som kan vere til hjelp for deg som må leve med IBS. Skolen startar med et digitalt gruppemøte der pasientane får informasjon om kurset og ein innføring i behandlingsprinsippa vi nyttar i skulen. Undervegs i behandlinga har deltakarane moglegheit til å stille spørsmål om kostbehandling til klinisk ernæringsfysiolog. Sjølve behandlingsprogrammet består av 5 modular med videosnuttar, bilete og tekst: 

  • Kroppen og mage-tarmsystemet 
  • Kost- og livsstilsråd 
  • Kroppsholdning og pusteteknikk 
  • Livsmestring 
  • Kostbehandling med lav FODMAP-diett 

Skolen skal være fullført innan seks måneder, så pasienten har god tid til å fullføre modulane i sitt eige tempo. Les meir om den digitale mage- og tarmskolen her: Mage-tarmskolen på internett - Helse Bergen (helse-bergen.no

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Vanlegvis sender sjukehuset rapport til fastlegen din, der resultatet av undersøkingane og vurderingar blir gitt.
 


 

 

Kontakt

Sentralblokka Medisinsk klinikk

Kontakt Medisinsk klinikk

Oppmøtestad

Medisinsk poliklinikk og dageining
I Sentralblokka 2. etasje. Følg skilting frå heisen, eller ta rulletrappa opp i 2.etasje og inn døra til høgre. 

Medisinsk undersøking -fordøyingssjukdommar
I Sentralblokka nord i 1. etasje.

 

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs

  • IBS - Å leve med irritabel tarm
    Du vil få kunnskap som skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen. Du får mulighet til å møte andre i same situasjon og utveksle erfaringar.
    IBS - Å leve med irritabel tarm
    12.
    desember
    2024
    Fleire datoar