Radiologisk avdeling, CT
Vi utfører CT-undersøkingar og fleire CT-rettleia inngrep som biopsiar, nerverotsblokkadar og sklerosering av beinsvulstar. Dei fleste av våre undersøkingar krev at du som pasient er førebudd på førehand. Mange av undersøkingane våre foregår ved bruk av intravenøst kontrastmiddel som hjelpemiddel til å forbetre diagnostikken. Alle som skal få intravenøs kontrastvæske må ha avklart nyrefunksjonen ved ein blodprøve før timeavtale. Informasjon om blodprøvetaking og andre førebuingar vil følgje med som informasjon i innkallinga di.
Kontakt
Timebestilling
- Måndag 08:00 - 15:00
- Tysdag 08:00 - 15:00
- Onsdag 08:00 - 15:00
- Torsdag 08:00 - 15:00
- Fredag 08:00 - 15:00
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling sine CT-laboratorium finn du i 1. etasje i Sentralblokka. Me har også ein CT lokalisert i etasje U, og ein CT som ligg i Mottaksklinikken. Denne nyttast til rask diagnostikk av pasientane som vert innlagt via Mottaksklinikken (tidlegare Akuttmottak).
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen