Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny førebuing for pasientar som skal ha intravenøs jodkontrast ved radiologiske undersøkingar

Frå 1. september 2018 blir det endringar i rutinane for pasientar som skal til radiologiske undersøkingar der ein nyttar jodkontrastmiddel. Dette gjeld tid for blodprøvetaking (eGFR), hydrering av pasientar med lav nyrefunksjon og seponering av metformin.

Følgjande gjeld frå 1. september:

​ ​ ​ ​ ​Intravenøs jodkontrast

Tid for timeavtale ​Alder på eGFR-prøve ​eGFR-verdi​Blodprøvetaking*
dersom pasienten ikkje har gyldig/manglar eGFR

Metforminbruk
relatert til eGFR verdi

​Polikliniske pasientar med
timeavtale
> 7 dagar fram i tid
​Innanfor 3. mnd (tidligare 7-14 dagar) ​> 30: ingen tiltak
< 30: innlegging
for intravenøs hydrering
​Blodprøver kan tas hos:
Fastlege
HUS
Blodprøvestasjon i byen

​> 30: ingen tiltak

< 30: må seponerast timeavtaledagen***

​Polikliniske pasientar med
timeavtale
< 7 dagar frem i tid
​ Innanfor
3 mnd.
(tidligare 7-14 dagar)
​> 30: ingen tiltak
< 30: innlegging
for intravenøs hydrering
​Blodprøver kan tas hos:

Blodprøvestasjon i byen,
HUS ** (KiH)
​> 30: ingen tiltak

< 30: må seponerast timeavtaledagen***

Kommentarar

*) Blodprøvar vert bestilt av Radiologisk avdeling i DIPS ved timetildeling dersom tilgjengelege elektroniske system eller informasjon på sjekkliste viser manglande/gyldig eGFR verdi. Blir blodprøven teken hos fastlege, skal blodprøveskjema frå DIPS sendt til pasient nyttast.

**) Ved blodprøvetaking same dag som timeavtale, skal blodprøven takast ved Haukeland universitetssjukehus (KiH, dersom timeavtale der).

***) Med eGFR < 30 er metformin kontraindisert, men nyrefunksjonen kan vere forbigåande lav. Fastlege/behandlande lege blir involvert: Ny eGFR må takas etter 48 timer før oppstart av metformin. Pasienten vil få informasjon om dette etter undersøkinga og må da ta kontakt med fastlegen.

Sjekkliste for bruk av intravenls jodkontrast ved røntgenundersøkingar (pdf)

Endringane er basert på den reviderte europeiske retningslinja ESUR, versjon 10.0 (European Society of Urogenital Radiology), www.esur.org og revidert retningsline  for bruk av jodkontrast relatert til nyrefunksjon i HelseVest.

Bergen, 14. august 

Aslak Aslaksen 
Avdelingsdirektør
Radiologisk avdeling

Sist oppdatert 20.12.2019