Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Helsepersonell i smittevernsutstyr inne på et isolat

Seksjon for infeksjonssjukdommar

Seksjon har omfattande poliklinisk verksemd, som er stabilt aukande over år. Blant hovudaktivitetane er utgreiing, oppfølging og behandling av pasientar med kroniske virussjukdommar som HIV og smittsame leverbetennelsar; hepatitt B og C.

Seksjon for infeksjonssjukdommar har ni overlegar som er spesialistar i infeksjonssjukdommar. Seksjonen har òg omfattande oppgåver i undervisning av legar og sjukepleiarar og tilbyr spesialistutdanning av legar i infeksjonssjukdommar. Seksjonen har i dag sju assistentlegar under utdanning.

Seksjonen har to sengepostar, Medisinsk post 5 Vest og Medisinsk post 6, og har administrativt ansvar for Medisinsk avdeling sin observasjonspost.

Vidare er Nasjonal kompetanteneste for tropiske infeksjonssjukdommar (CTID) underlagd Infeksjonsseksjonen. Senteret driv forskings- og utviklingsarbeid, og kompetanseheving av helsepersonell i utviklingsland er eit hovudemne.

Infeksjonsseksjonens viktigaste arbeidsoppgave er behandling av infeksjonssjukdommar. Nokre eksempel på tilstandar som diagnostiseres og behandles på sengepostane:

  • Lungebetennelse
  • Influensa
  • Hud og bløtvevsinfeksjonar
  • Urinveisinfeksjonar
  • Smittsomme diaresykdommer
  • Sepsis
  • Infeksjonar i sentralnervesystemet
  • Ortopediske infeksjonar
  • Immunsvikttilstandar
  • Tuberkulose
  • Utreiing og behandling av sjeldne infeksjonstilstandar

Seksjon for infeksjonssjukdommar har regionalt ansvar i Helse Vest for behandling av multiresistent tuberkulose. Seksjonen har lokalansvar for behandling av pasientar med særleg behov for isolasjon (MRSA og andre problemmikrober), for infeksjonar i sentralnervesystemet, for infeksiøs endokarditt, for sepsispasientar med overvakingsbehov og for handsaming av ortopediske infeksjonar.

Infeksjonsseksjonen har omfattande poliklinisk verksemd, som er stabilt økende over år. Blant hovudaktivitetane er utgreiing, oppfølgjing og behandling av pasientar med kroniske virussjuksommar som HIV og smittsomme leverbetennelser; hepatitt B og C.

Før fastlege rekvirerer malariamikroskopi poliklinisk, skal rekvirenten diskutere indikasjonsstillinga med vakthavande infeksjonslege. 

Malaria er ein sjeldan sjukdom i Noreg men tilstanden er potensielt dødeleg. Legar som møter pasientar som har feber etter reise til tropene, må difor tenke på malaria.


Undersøkinga er ressurskrevjande og vi vil sikre at pasienten blir følgd opp på ein trygg og korrekt måte. Ved Haukeland universitetssjukehus er malariadiagnostikk ein øyeblikkeleg-hjelp prøve.


Analysen blir utført ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved hjelp av mikroskopi av tynn- og tjukk dråpe frå perifert blod, og eventuelt antigentest (hurtigtest). 


Preparatat blir mikroskopert og vurdert som øyeblikkeleg hjelp av overlege ved infeksjonsseksjonen på Medisinsk avdeling. Mange pasientar skal primært tilvisast til klinisk vurdering av spesialist.


Når fastlege og spesialist er einige om å rekvirera prøver poliklinisk, må det alltid ligge føre pasientopplysningar som:

  1. Adresse og telefonnummer
  2. Detaljerte kliniske opplysningar. Reisemål, og dato for innreise til og utreise frå malariaområde
  3. Symptom
  4. Kva profylakse som har vore nytta i kva tidsrom

Legar i primærhelsetenesta er velkomne til når som helst å ta kontakt med Nasjonal kompetansetjeneste for tropiske infeksjonssjukdommar for å søkje råd om malaria eller andre tropessjukdommar.


Les meir om malaria

Kontakt

Ekspedisjon:

Telefonen er open måndag - fredag kl. 08.00-15.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ekspedisjonen ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Følg skilta frå heis eller rulletrapp til Medisinsk poliklinikk og dageining. Kjem du opp rulletrappa i 2. etasje ligg ekspedisjonen til høgre og igjennom døra. Ekspedisjonen er open for pasientar måndag - fredag, kl. 07.30 - 16.00

Logg inn for å endre time

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest