Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Tegning av blodsukkermåling

Poliklinisk oppfølging av unge vaksne med diabetes

Dette er informasjon til deg som er fylt 18 år med diabetes, og skal gå til kontroll ved Medisinsk poliklinikk og dageining.

Kontroller på Medisinsk poliklinikk

Vi prøver å gi deg time til same lege/sjukepleiar kvar gong du er her. Du blir kalla inn til kontroll på poliklinikken omlag kvar tredje månad. Men for dei som har god kontroll på sin diabetes kan det vere nok med ein kontroll i året. Dette vil variere og bli tilpassa kvar enkelt. Oppfølging av deg med diabetes gjerast av helsepersonell ved Seksjon for hormonsjukdommar som er ein del av Medisinsk klinikk.

Registrer deg i luka til Medisinsk poliklinikk og dageining sin eksepedisjon. 

Ekspedisjonen ligg i etasje 2 i Sentralblokka. Gå til venterommet som dei i ekspedisjonen viser til. Din behandlar kjem og hentar deg. 

Her finn du meir kontaktinformasjon til Medisinsk poliklinikk og dageining

Ekspedisjon til Medisinsk poliklinikk og dageining

Ved å logge deg inn på Helsenorge.no kan du finne oversikt på timeavtalar ved sjukehuset.  Her kan du bekrefte at du kjem til timen, eller be om ny time. 

Avlyse time?

• Vi vil ha beskjed tre dagar før avtalt time dersom du ikkje kan komme.
• Du kan også avbestille timen per telefon ved å ringe til Medisinsk poliklinikk (lenke)
• Dersom du gir beskjed mindre enn 24 timar før avtalt time, må du betale en høg takst for ikke møtt til timen ( lenke)

  • Sjekk om det står i innkallinga at du skal ta blodprøvar og urinprøve før timen. Dette gjeld som regel før du skal til kontroll hos lege. 
  • For at prøvesvara skal vere klar til timeavtalen, må du ta prøvane  1-2 veker i forkant av timen.
  • Prøvane kan du få tatt hos fastlegen eller på ein av sjukehuset sine prøvetakingsstasjonar:Poliklinikk for prøvetaking i Sentralblokka  2 etg. eller Zander Kaaes gate 7 ved jernbanestasjonen (lenke).

Har du kontinuerleg glucosemålar (CGM), insulinpumpe med sensor eller blodglukosemåler, kan dataprogrammet registrere verdiane dine og du kan dele dei med diabetessjukepleiar og lege når du skal på polikinikken. Dette gir viktig informasjon til behandlar og moglegheit for meir målretta rettleiing.

Vi oppfordrar deg til å regelmessig laste ned registrering heime, for å vurdere eigen glukose og justere insulindoser etter behov.

  • Vurdering av blodglukose eller vevsglukose-registreringen
  • Avklare behov for undersøkingar og reseptar
  • Vurdere blodprøvar som er tatt  i forkant av timen
  • Sette mål for behandling
  • Avtale tid for neste kontroll

Tema som er aktuelle å snakke om
• Diabetes ketoacidose (syreforgiftning)
• Korleis takle hypoglykemi/føling og unngå overspising
• Konsekvensar ved for låge dosar/underdosering av insulin
• Fysisk aktivitet
• Bruk av insulinpenn for insulinpumpebrukarar
• Insulinbehov ved sjukdom og menstruasjon
• Vurdere behov for re-opplæring
• Kostholdsråd og forebygge overvekt
• Alkohol/rus
• Røyk/snus
• Reiser
• Førarkort
• Planlegging av svangerskap
• Prevensjon
• Tannhelse
• Meistring 

Forventningar
Gi gjerne tilbakemelding på oppfølgingen du får av oss, og  kom gjerne med ting du ønsker å snakke om, for eksempel kvardagen din på skulen, på jobb, dine tankar og følelsar. 

Våre forventningar til deg er er at du:

  • Har tatt blodprøvar i god tid
  • Møter til time som avtalt / evt avbestiller timen i god tid
  • Møter førebudd og har teknt over kva du ønskjer å ta opp/spørje om
  • Har lasta ned registrering fra din blodglukosemålar, CGM, insulinpumpe
  • Følger opp det vi har avtalt på kontrollar
  • Du må gjerne ta med pårørande eller ein ven til poliklinikktimen. Delar av samtalen vil likevel gå føre seg med deg aleine, avhengig av kva vi skal snakke om

Du vil få spørsmål om å registrere deg som medlem i:
1. Norsk diabetesregister for vaksne
2. Diabetes biobank

Å registrere seg i Norsk diabetesregister  er frivillig og krever skriftleg informert samtykke. Dette betyr at du må underteikne ei samtykkeerklæring. Du får spørsmål om medlemsskap og signering berre ein gong. 

Helse Bergen er eigar av biobanken og Norsk diabetesregister for vaksne, men har medlemmar frå heile landet. Formålet med register og biobank, er å legge til rette for forsking som kan gi ny kunnskap om diabetes og bidra betre diabetesbehandling. Les meir om Senter for Diabetesforskining, som blir drifta av Univeristetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus.

Kvifor medlem i registeret?
Hensikten er først og fremst å forbedre kvaliteten på behandling av personar med diabetes. Registeret er eit viktig grunnlag for forsking om diabetes og diabetesrelaterte sjukdommar.

Kvifor medlem i biobanken?
Alle pasientar som samtykker til å vere med i Norsk diabetesregister for vaksne, vil også bli bedt om å vere med i biobanken. Det inneber at det vil takast ein blodprøve i armen. Blodprøven vil bli tatt på sykehuslaboratorier og legekontor når du er på dine rutinemessige kontrollar.

Logg deg inn via Helsenorge.no . Her kan du få digitalt innsyn i journalen din, se journaldokumenter (journaldokumenter som er signert f.o.m 1.mars 2016).

Om du trenger fornye resepter mellom konsultasjonene må du ta kontakt med fastlege. Det kan gjerast via Helsenorge.no, fastlegen si nettside, eller per telefon.

Kursopplæring for personer med diabetes type 1 og pårørande​  (2 dgr). Kurset går på Lærings-og meistringssenteret.

Undervisningstilbod på poliklinikken.

    • Karbohydratvurderingskurs i gruppe (3 timar) 
    • Insulinpumpekurs i gruppe (oppstart eller skifte av type insulinpumpe) (1-3 dgr.)
    • Opplæring i bruk av CGM i gruppe (ca. 2 timar)
    • Gravide med diabetes får tilbod om oppfølging hos oss gjennom svangerskapet 
    • Dagtilbod for personar med diabetes type 1 som har utfordringer med blodsukkerreguleringen​



Sist oppdatert 07.02.2022