Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Tavlemøte for helsepersonell på medisin post 1 nord

Seksjon for hormonsjukdommar

Ved seksjonen utgreier og behandlar vi pasientar med ulike hormonsjukdommar. Det kan for eksempel vere lågt eller høgt stoffskifte, diabetes, underernæring, overvekt eller elektrolyttforstyrringar.

Seksjon for hormonsjukdommar høyrer inn under Medisinsk klinikk. Vi har ansvar for opplæring av sjukepleiar- og legestudentar, i tillegg til utdanning av legar til hovudspesialiteten indremedisin og greinspesialiteten endokrinologi. Seksjonen har som målsetting å vere leiande innan forsking, utvikling og kvalitetssikring, og å bidra med endokrinologisk kunnskap på høgt nivå nasjonalt og internasjonalt.

Poliklinikk

Seksjonen driv poliklinikk for personar over 18 år med ulike hormonsjukdommar. Poliklinikken har og ein "Diabetespoliklinikk" , primært  for personar med diabetes type1. Poliklinikkar ved Medisinsk klinikk har ein felles ekspedisjon kor du skal henvende deg når du kjem til timeavtale. Medisinsk poliklinikk og dageining.

Inneliggande pasientar ligg i hovudsak på Medisinsk post 1 nord i Sentralblokka.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk poliklinikk og dageining ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Følg skilta frå heis eller rulletrapp. 

 

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

      Kurs og møter

      • Kortisolskole, primær binyrebarksvikt hos vaksne
        Målet med kortisolskolen er å gi auka tryggleik og kunnskap om det å leve med binyrebarksvikt, om kortisonbehandling, og om korleis ein førebygger og behandlar akutte binyrekriser. Deltakaran sjølv øver på å blande og sette akuttmedisinen Solu-cortef.
        Kortisolskole, primær binyrebarksvikt hos vaksne
        17.
        februar
        2025

      Ung med diabetes

      Informasjon til deg som er over 18 år og skal gå til kontroll av din diabetes ved Medisinsk poliklinikk og dageining
      Her finn du informasjon som er lurt å lese før du kjem til timeavtalen din.
      Måle blodsukker ved diabetes