Nettverket består av eit sjukepleiarnettverk. Nettverket er organisert med ei styringsgruppe og ei driftsgruppe. Nettverket har ein årleg fagdag.
Nettverket av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Førde føretaksområde består av omlag 100 sjukepleiarar. Det er ressurssjukepleiar i alle kommunar og på sjukehusavdelingar som behandlar kreftpasientar eller andre pasientar som treng lindrande behandling.
Sjukepleiarnettverket er delt opp i fire lokale nettverksgrupper. Ei driftsgruppe med representantar frå dei fire lokale nettverksgruppene og samarbeidspartane i nettverket har ansvar for samlingar og rutinar knytt til nettverksarbeidet i samsvar med vedtatt kompetanseplan.
Pallnet. Register over ressurspersonar i nettverket
Film om nettverketSamhandling om kreftpasientar
Helse Førde inviterer til seminar for legar, fysioterapeutar og ergoterapeutar som arbeider med kreftpasientar. Dagen er eit samarbeid mellom Helse Førde og kommunehelsetenesta.
Årleg fagdag
Årleg fagdag 2022 er utsett, og vert 01.11.2022.
Grunna situasjonen med covid-19 har driftsgruppa for nettverket bestemt å flytte årleg fagdag frå 15. februar til 1. november 2022. Det er av stor verdi at ressurssjukepleiarane og deira leiarar får denne samlinga fysisk på Thon hotel Jølster. Vi trur at utbytta av dagen i stor grad vil bli best ved fysisk samling der vi kan møte våre samarbeidsparter innan kreftomsorg og lindrande behandling.
Dagen er søkt kurspoeng hjå NSF og hjå DNLF.
Introduksjonskurs
Det vert arrangert introduksjonskurs for nye ressurspersonar og deira næraste leiar kvar år.
Andre presentasjonar
Aktuelle dokument
Informasjonsbrosjyre, ny mai 2019 (pdf)
Årsrapport 2021 (pdf)
Årsplan 2022 (pdf)
Retningsliner for å arrangere lokale samlingar (pdf) Strategi 2021-2024 (pdf)Funksjon og ansvar for ressurssjukepleiar og næraste leiar (pdf)Malar
Innkalling møte lokal nettverksgruppe (doc)Referat møte lokal nettverksgruppe (doc)Brevmal (doc)Innkalling møte drifts- og styringsgruppe (doc)Referat møte drifts- og styringsgruppe (doc)Invitasjonsbrev til fastlegen (doc)Undervisningsmalar (powerpoint)
er tilgjengelege på følgande tema: Palliasjon, ESAS-r, Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling, Individuell plan.
Ta kontakt med lokalgruppeansvarleg eller KLB-medarbeidar (Marthe Hauge Aase: marthe.hauge.aase@helse-forde.no ) for å få undervisningsmalane tilsendt.
Nyheitsbrev
Juni 2022 (pdf)
Desember 2021 (pdf)
Erfaringar
Kreftomsorg og lindrande behandling Sunnfjord kommuneRessurssjukepleiar Aurland kommuneRessurssjukepleiar Fjaler kommune
Ressurssjukepleiar Gulen kommuneRessurssjukepleiar Høyanger kommuneRessurssjukepleiar Stryn kommuneRessurssjukepleiar Vik kommune (pdf)Ressurssjukepleiar Årdal kommune (pdf)Nyttige lenker