Målsetting med dei kombinerte stillingane skal være å:
• auke kvalitet og relevans i utdanning både på høgskule og i sjukehus
• bygge bru og skape større forståing mellom utdanningsstad og praksisfelt
• styrke samarbeidet om studentane si kliniske praksis
• bidra til at studentane opplev størst mulig grad av samanheng mellom den teoretiske utdanninga og det som skjer i den praktiske kvardagen
Særlig aktuelle tema for perioden er:
•
implementering av nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningar (RETHOS) – nye løysingar for praksisstudiar.
• vidareutvikling og kvalitetssikring av praksisarenaer og praksismodellar i sjukehuset
Tildelte midler 2019-21Om søknadsprosessen
Søknaden skal bestå av 2 stillingar: ein kandidat med fast stilling frå føretak (20 % frikjøp) og ein kandidat med fast stilling frå høgskule (20 % frikjøp) som skal jobbe saman i par for å oppnå målsettinga med prosjektet. Heile tilsettingsforholdet vil vere hos hovudarbeidsgjever. Det er eit krav at minimum ein av kandidatane har masterkompetanse.
Tydelig leiarforankring i begge organisasjonar er nødvendig. Søknaden må utarbeidast i fellesskap mellom dei fagmiljøa/einingane på skulen og sjukehus som skal samarbeide om dei kombinerte stillingane. Det er dei respektive leiarar som skal stå som ansvarleg for søknaden om midlar til stillinga. Leiarane vil ha ansvar for å følgje opp kandidatane og prosjektet.
Søknadsfrist er 6. mai 2019
Målsetting og kriterier
Søknadsskjema
Det er Utdanningsrådet og Samarbeidsmøtet som handsamar søknadane. Tilbakemelding blir sendt til søkjar ila medio juni.
For dei tilsette som får tildelt midlar til kombinert stilling vil det bli arrangert felles nettverksmøter saman med dei andre som har fått midlar i perioden (ca. 6 møte a 3 timer). Det vert også satt opp krav om rapportering undervegs og når prosjektet er avslutta.
Eventuelle spørsmål kan sendast til
utviklingsmidler@helse-bergen.no
Sjå kven som fekk midlar til kombinerte stillingar innan dei helse- og sosialfaglege profesjonane for perioden 2017-2019
Aktuelle dokumenter
Søknadsskjema Sluttrapport
Målsetting og kriterier
Kriteria for tildeling av utviklingsmidlar (pdf)
Fagleg rapportering
Rapporteringshefte 2013 (pdf)
Rapporteringshefte 2011 (pdf)
Rapporteringshefte 2008 (pdf)
Rapporteringshefte 2007 (pdf)
Årsrapport
Årsrapport - kombinert stilling 2019/2021
Samarbeid med universitet og høgskolar