Forskingsfasilitetar på Haukeland

Felles infrastruktur - meir forsking: Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Universitetet i Bergen (UiB) kan tilby ein rekkje ulike kjernefasilitetar for forskarar og prosjekt knytt til sjukehuset og universitetet. Her presenterer vi nokre av dei.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Ein kjernefasilitet er ei samling av vitskapeleg utstyr og høgt kvalifisert teknisk personale som vert gjort allment tilgjengeleg for forskingsmiljøa. 
Målet med kjernefasilitetar er å sikre at ein får mest mogeleg forsking for dei tilgjengelege ressursane. 

Les meir om kjernefasilitetane ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) ​​​​​​​​​​​​


Ein kjernefasilitet er ei samling av vitskapeleg utstyr og høgt kvalifisert teknisk personale som vert gjort allment tilgjengeleg for forskingsmiljøa.

Kjernefasilitetane ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) dekker viktige fellesfunksjonar ved UiB så vel som regionalt og nasjonalt.

Fasilitetane er tilgjengeleg for alle akademiske brukarar på same gunstige vilkår, og for kommersielle brukarar på UiBs vilkår for oppdragsforsking. 

Felles infrastruktur - meir forsking
Kjernefasilitetane ved MOF er organisert i tråd med MOFs grunnprinsipp for felles infrastruktur. Målet med kjernefasilitetar er å sikre at ein får mest mogeleg forsking for dei tilgjengelege ressursane. 

Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) - Grunnprinsipper for felles forskingsinfrastruktur

Spleiselag
Bidraget dei akademiske brukarane forpliktar seg til å gi, dekker deler av dei totale utgiftene, der ein stor del er avhengig av kva for teknologi det er snakk om. Resten av utgiftene, for eksempel når ein skal kjøpe nytt utstyr eller tilsette nytt personale, blir dekte gjennom spleiselag mellom dei involverte institusjonane og avdelingane. 

Kommersielle brukarar får same tilgang som akademiske brukarar, men betaler ein høgare pris. MOFs policy rundt kostnadsdeling og skillet mellom service og samarbeid  er tydeleg på at brukarbetalinga er uavhengig av medforfattarskap.

Nærleik til leiande forskarar
For at ein kjernefasilitet skal kunne yte best mulig service til miljøa er det eit mål at dei er tett integrert med forskarar som er leiande innan sine fagfelt. Bruk av kjernefasilitetar skal dermed vere eit meir attraktivt alternativ enn å kjøpe eiget utstyr og lønne eiget teknisk personale, både i høve til kostnadar og metodisk. 

Moderne utstyr
Erfaring tilseier at kjernefasilitetar er den beste og mest realistiske måten å gi forskingsmiljøa i Noreg tilgang til ein oppdatert og vedlikehalda instrumentpark, og til metodisk kunnskap dei sjølv ikkje har, og utstyr og personale forskingsmiljøa ikkje vil ha råd til.

Infrastruktur UiB

Forskingsstruktur i regionen

Samarbeidsorganet si forskingssatsing skal byggje på og vidareutvikle regionens kompetanse og infrastruktur slik at regionen kan stå fram som ein samla og sterk forskingsaktør.
Det skal vere lik tilgang til, sambruk av, og samarbeid om infrastruktur mellom helseføretaka og forskingsinstitusjonane.

Søk i liste over forskingsutstyr

Du kan bruke søkjeord som utstyrsnamn, helseføretak, og kva du bruker utstyret til (MR, ultralyd, o.l.)

Søk i ustyrslista