Følgjande
restriksjonar gjeld i 9 veker etter operasjonen:
Bruk skinne heile døgnet
Armen skal ha minimum 20 grader avstand ut
frå kroppen, og skal ikkje førast framover eller innover mot kroppen, og
kan difor ikkje leggast i fanget
Armen skal ikkje lyftast meir enn 45
grader framover
Bruk elektrisk rullestol med
spesialtilpassa armstøtte
Ikkje belast armen ved forflytning
Inga styrketrening
Armskinne
Armskinna som blir
tilpassa dagen etter operasjonen strekker seg frå armhole til handledd. Skinna
sikrar riktig stilling for olbogen og skal brukast heile døgnet i tre veker
etter operasjonen. Etter tre veker blir skinna erstatta med ei dynamisk skinne
som tillet gradvis bøying i olbogen. Denne skal også brukast heile døgnet til
det har gått 9 veker etter operasjonen. Fysioterapeuten/ergoterapeuten på di
regionale spinaleining gir opplæring i innstilling og trening med den dynamiske
skinna.
Trening
Trening startar dagen
etter operasjonen og du får opplæring i egentreningsprogram på sjukehuset. Ved
utskriving får du med deg informasjon om restriksjonar, trening og vidare
oppfølging. Aktuelle instansar som heimetenesta i kommunen, fysioterapeut
og/eller ergoterapeut på di regionale spinaleining kan også bli kontakta for
denne informasjonen.
Du blir
utskriven, enten for heimreise eller til regional spinaleining,
fredag etter operasjon. Etter 3 veker blir du innlagd eit par dagar på regional
spinaleining for bytte til dynamisk skinne samt justering av treningsprogram.
Ny innlegging etter 9 veker når alle restriksjonar blir oppheva og ein kan
starte å nytte den nye funksjonen fritt.